4.7. Banar og SVG-filer

SVG står for «Scalable Vector Graphics», og er eit filformat som vert stendig meir brukt for å lagra vektorgrafikk. I vektorgrafikk er dei grafiske elementa uavhengige av storleiken på biletet. Dette i motsetnad til punktgrafikk, som lagrar dei grafiske elementa som biletpunkttabellar. GIMP er i hovudsak basert på punktgrafikk, men banane vert laga som vektorgrafikk.

Heldigvis er stiar representerte i SVG-filer på nesten nøyaktig same måte som dei er representerte i GIMP. Denne kompatibiliteten gjer det mogleg å lagra GIMP-banar som SVG-filer utan å mista informasjon. Du kan få tilgang til denne funksjonen i dialogvindauget Banar.

Det betyr også at GIMP kan laga banar frå SVG-filer som er lagra i andre program, for eksempel Inkscape, eit populært vektorgrafikkprogram med open kjeldekode. Dette er fint fordi dedikerte vektorredigeringsprogram har mykje kraftigare banehandsamingsverktøy enn GIMP har. Du kan importera ein bane frå ei SVG-fil ved å bruka dialogvindauget «banar».

Dette betyr også at GIMP kan lage banar frå SVG-filer laga i andre biletbehandlingsprogram. To gode såkalla «open-source program» spesiallaga for å arbeide med vektorgrafikk er [INKSCAPE] og Sodipodi. Desse to programma har betre og kraftigare banehandtering enn GIMP. Du kan importera SVG-filer via fanemenyen i banedialogen (Importer bane). Sjå eventuelt også Del 2.3, «Banedialogvindauget».

[Notat] Notat

I tillegg til å handtere banar i SVG-format, kan GIMP også opna SVG-filer som GIMP-bilete på vanleg måte.