14.4. IFS-Fraktal

14.4.1. Oversyn

Figur 17.329. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «IFS-fraktal»


Også dette filteret er fraktal-basert, og er berre nydeleg. Med dette allsidige filteret kan du laga utruleg naturalistiske organiske figurar, frå enkle blader via blomar og greiner til heile tre. («IFS» står for det engelske «Iterated Function System» som betyr noko slikt som «Repeterande funksjonssystem».)

Nøkkelen til bruken av dette programtillegget ligg i å gjera små og nøyaktige flyttingar i fraktalområdet. Det er alltid vanskeleg å vita resultatet på førehand, så du må vera svært varsam når du gjer forandringar i mønsteret. Dersom du gjer eitt av komponenttriangla for stort eller flyttar det for langt av stad, vert resultatet som oftast ei stor, uformeleg partikkelsky, eller at førehandsvisinga rett og slett blankar ut.

Eit lite råd: Når du har funne eit mønster som du vil arbeida vidare på, gjer du berre svært små forandringar ved kvart forsøk og hald deg til variasjonar over dette mønsteret. Det er så altfor lett å mista eit godt mønster. I motsetnad til det du kanskje trur, så er det lettare å laga eit blad på eit tre enn ein på førehand definert geometrisk figur med dette filteret.

For ein nærare gjennomgang av IFS, sjå Foley og van Dam, et al,. Computer Graphics, Principles and Practice[FOLEY01].

14.4.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarFraktalarIFS-fraktal.

14.4.3. Innstillingar

Figur 17.330. Innstillingane for filteret «IFS-fraktal»

Innstillingane for filteret «IFS-fraktal»

Dialogvindauget for dette filteret er sett saman av eit komponeringsområde oppe til venstre, ei førehandsvising oppe til høgre og eit område med innstillingar og knapper nedst i vindauget. Trykkjer du knappen Nullstill, vil filteret visa tre likesida trekantar som er grunnlaget for eit fraktalmønster som vert kalla Sierpinski-triangelet.

Funksjonsliste

Klikk i menylinja, eller høgreklikk på arbeidsområdet, for å velja mellom dei følgjande verktøya.

Flytt, Rotér/skalér, Strekk

Vel ved hjelp av musepeikaren.

Ny, Slett

Legg til eller fjern fraktalar.

Angre, Gjenta

Standard.

Vel alt

Lenkjer fraktalane saman slik at du kan arbeida på alle samstundes.

Sentrér

Rekna ut sentrum for fraktalen på nytt. Dette har ingen synlege effektar på den ferdige fraktalen.

Teikneinnstillingar
Maks minne

Dersom utrekningane går for sakte, kan du auka farten ved å definera bruk av meir minne. Dette er særleg aktuelt når du arbeider med stor punktradius. Hugs berre på at tala du skriv inn må vera 4096 multiplisert med eit partal. (4096 × 2 = 8192, 4096 × 4 = 16 384 osv).

Gjentakingar

Dette talet bestemmer kor mange gonger fraktalen skal gjenta seg sjølv. Dersom du ikkje arbeider med svært store bilete, er det sløsing med prosesstid å bruka store tal på denne funksjonen.

Vidaredeling

Dette talet styrer kor detaljrik fraktalen skal verta . Dersom du ikkje arbeidar med svært store bilete, er det også her sløsing med prosesstid å bruka store tal på denne funksjonen.

Punktradius

Du kan sjå på dette som eit tal for tettleiken til «penselstroka». Bruk ein liten radius for partikkelskyer eller spray, medan ein større radius vil gje meir akvarelliknande strok. Stor radius kan gje irriterande lang prosesstid.

Romtransformasjon

Dette området viser ulike data for fraktalen. Du kan også skriva direkte i rutene i staden for å bruka den nokså unøyaktige musepeikaren. Dei tilgjengelege innstillingane er X, Y, Skalering, Vinkel, Asymmetri og Forskyv.

X, Y, Skalering, Vinkel, Forskyv

Flytt, skaler eller forskyv den aktive fraktalen.

Asymmetri

Strekk den aktive fraktalen.

Spegelvend

Spegelvend den aktive fraktalen.

Fargetransformasjon

Enkel

Her bestemmer du fargen for den aktive fraktalkomponenten. Fargen vil byrje med den aktive forgrunnsfargen i verktøykassa og ende opp med den fargen du har vald her.

Heile

Som den enkle fargeomfprminga, men her kan du bestemme fargeovergangen for alle tre fargekanalane og for alfakanalen (vist som svart).

Skaler kulør med, Skaler lysverdi med

Når du har mange fraktalar med ulike fargar, vil fargane gli over i kvarandre. Enda om du set fargen for ein fraktal til «rein raud», kan han likevel vere nokså blå somme stader. Ein annan «raud» fraktal kan verta nokså gul. Desse glidebrytarane styrer fargestyrken for den aktive fraktalen, og såleis kor mykje desse fargane skal påverka andre fraktalfargar.

Andre

Relativ slump

Denne glidebrytaren styrer kor mykje den aktive fraktalen kan påverka dei andre fraktalane.

14.4.4. Eit kortkurs

Dette filteret er nokså komplekst, så kanskje dette lkortkurset vil vera til hjelp. Eksempelet viser korleis filteret kan brukast for å laga eit bregneliknande blad.

Mange organiske former, spesielt planter, er sett saman på ein måte som kan likna på eit matematisk fraktalmønster, dvs. ei form som reproduserer seg sjølv (i teorien) uendeleg inntil den minste detaljen. Du kan relativt lett komponera forma på eit blad ved hjelp av fire fraktalar ved å bruka tre fraktalar for å laga sidene og spissen på bladet og den fjerde for å laga stilken.

  1. Før du tek i bruk filteret, lagar du eit nytt bilete: FilNytt bilete. Legg til eit gjennomsiktig lag med LagNytt lag der du vel fylltype gjennomsikt. Set forgrunnsfargen i verktøykassa til svart og bakgrunnsfargen til kvit.

  2. Opna IFS-fraktal og roter det høgre og det nedre triangelet slik at spissane peikar oppover. Nå bør du kunna sjå omrisset av det som skal verta spissen og sidene i bladet. (Har du problem, kan det kanskje vere til hjelp å hugsa på at dei tre toppunkta i ein trekant ikkje er likeverdige).

    Figur 17.331. Steg 2

    Steg 2

    Start med å rotere triangel 2 og 3, mest mogleg utan å endra storleik.


  3. For å gjera bladet symmetrisk, kan du setja triangel 3 slik at det peikar litegrann mot venstre, og la triangel 2 peika litegrann til høgre.

  4. Trykk knappen Ny for å leggja eit nytt triangel til fraktalen. Sidan dette vert stilken i bladet, må vi gjera denne lang og tynn. Dette gjer du ved å trykkja knappen Strekk og deretter dra ut trekanten med musepeikaren. Ikkje bry deg om at dette roter til biletet, det kan du rette opp igjen ved å gå ned til boksen Skalering og redusera trekanten til biletet igjen ser normalt ut. Truleg må du også flytta og rotera trekant 4 for å finna den rette staden for stilkane.

    Figur 17.332. Steg 3

    Steg 3

    Legg til ein fjerde komponent og strekk, flytt og skalér denne som vist.


  5. Truleg må du justera litt for at bladet skal likna på eit blad. Her må du berre prøva deg fram og justera alle fraktalane til resultatet vert i nærleiken av eit naturleg blad. Har du behov for å flytta eller gjera endringar på heile bladet, trykkjer du på knappen Vel alle, eller høgreklikkar og vel frå menyen som dukkar opp.

    Figur 17.333. Steg 4

    Steg 4

    Forstørr trekant 1, arranger dei andre komponentane etter behov, marker alle og skaler og roter.


  6. Det siste steget går ut på å fargeleggja fraktalane. Klikk på fana Fargetransformasjon og vel ulike fargar for kvar fraktal. Dette gjer du ved å aktivera Enkel og velja farge ved å trykkja på fargeruta til høgre for merkelappen. Dette gjer du for alle fire komponentane i fraktalen.

    Figur 17.334. Steg 5

    Steg 5

    Her har komponent 4 fått ein brunfarge medan dei andre komponentane har fått ulike grader av grønt.


  7. Trykk på knappen OK og nyt resultatet. Du har laga eit perfekt bilete av eit blad. Nå er det berre å eksperimentera vidare. Alle fraktalar som skal imitera ulike former for bladverk, er sett saman omlag som denne øvinga. Altså med lauv rundt ein stilk eller ei eller fleire bladnerver. Treng du meir bladverk, er det berre å leggja til fleire komponentar. Lykke til.