Dette filteret formiskar det gjeldande laget eller utvalet og spreier kopiar av forminskingane ut innføre det opphavlege biletet.
Flisene kan spegelvendast rundt ein Vassrett og/eller Loddrett akse ved å klikka i dei respektive rutene.
Du kan også bestemme kva fliser som skal spegelvendast:
Alle flisene vert spegelvende.
Bare odde fliser vert spegelvendte.
Her kan du spesifisera ei bestemt flis ved å bruka Rad og Kolonne. Den valde flisa vert markert med ei ramme i førehandsvisinga. Trykk på for å merkja den bestemte flisa. Du kan gjenta denne prosedyren for å merkja fleire fliser.
Denne glidebrytaren vert brukt til å setje dekkevna for det ferdige biletet. Valet er berre tilgjengeleg når biletet inneheld alfakanal.
I uttrykket n² er «n» det talet du vel med glidebrytaren. Talet på fliser vert dette talet multiplisert med seg sjølv. Dersom du vel talet 3, vil dette resultere i 3² = 9 (altså 3 × 3 = 9) fliser.