13.13. Flislegg

13.13.1. Oversyn

Figur 17.311. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret «Flislegg» (Biletet er forminska)


Dette filteret lagar fleire kopiar av originalbiletet og legg desse inn i biletet i staden for originalen. Du kan velja storleik på kopiane. Det nye biletet vert eventuelt gjort større for å gje plass til flisene. Du kan velja å leggja flisene inn i originalbiletet eller å laga eit nytt bilete.

13.13.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterKartFliser….

13.13.3. Innstillingar

Figur 17.312. Innstillingane for filteret «Flislegg»

Innstillingane for filteret «Flislegg»

Flislegg til nytt format

Ny breidde, Ny høgde

Du kan skriva inn dimensjonane på det nye biletet med innskrivingsboksane og pilspissane.

Det nye biletet må vera større enn originalbiletet, elles vil filteret berre laga ein kopi av biletet. Vel storleikar som er multiplar av den opphavlege storleiken viss du ikkje vil ha avskorne fliser.

Nytt bilete

Det kan vera lurt å krysse av for denne for å hindra at du endrar originalbiletet.