6.7. Lysglimt

6.7.1. Oversyn

Figur 17.125. Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Eksempel på bruk av filteret «Lysglimt»


Dette filteret legg lysglimt i dei lysaste punkta i biletet ut frå ein terskelverdi du har lagt inn. Det kan vere vanskeleg å sjå på førehand kvar desse lysglimta vil dukke opp i biletet, men du kan styre det ein del ved å teikne kvite punkt der du ønskjer desse funklande glimta.

6.7.2. Activating the Filter

This filter is found in the main menu under FiltersLight and ShadowSparkle….

6.7.3. Innstillingar

Figur 17.126. Innstillingane for filteret «lysglimt»

Innstillingane for filteret «lysglimt»

Du bestemmer verdiane ved hjelp av glidebrytarar og innskrivingsboksar.

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vert endringane viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Terskel for lysverdi

Denne glidebrytaren styrer på ein skala frå 0,0 til 0,1 kor lyse områda må vere for å verta påverka av lyseffekten. Dess høgare verdi dess fleire lysglimt.

Glimtintensitet

Denne glidebrytaren bestemmer på ein relativ skala frå 0,0 til 1,0 breidda på det sentrale lyspunktet og på strålen.

Strålelengde

Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein relativ skala frå 1 til 100 lengda på strålane. Når du reduserer lengda, vert dei små strålene påverka først.

Talet på strålepunkt

Her bestemmer du kor mange lange strålar, frå 0 til 16, det skal vere i kvart lysglimt. Det vert også like mange av dei mellomliggande korte strålane. Når talet er eit oddetal, vert ein kort stråle sett motsett av ein lang stråle. Er talet eit partal, vert dei lange strålane sett motsett av kvarandre.

Strålevinkel

Dette er vinkelen, 0° til 360°, til den første strålen i høve til vassrett. Verdien -1 gjer at vinkelen vert vald tilfeldig.

Stråletettleik

Dette talet bestemmer kor stor prosentdel (0,0 til 1,00) av dei moglege punkta i biletet som skal verta til lysglimt. Tala vert avrunda slik at t.d. 10 % (0,10) av 6 moglege punkt vert eitt punkt.

Gjennomsikt

Med aukande gjennomsikt (0,0 - 1,0) vert lysglimta meir gjennomsiktige slik at fargane i eit eventuelt underliggjande lag vert meir synlege og lysglimtet mindre synleg. Dersom det ikkje er noko lag under, vert lysglimtet mindre synleg.

Tilfeldig kulør

This option changes sparkle hue at random (0.0-1.0).

Tilfeldig metning

This option changes sparkle saturation at random (0.0-1.0).

Bevar lysmengda

Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den lysaste pikslen. Dette gjer at heile lysglimtet vert lysare.

Inverter

Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den mørkaste pikselen. Dette gjer at heile lysglimtet vert mørkare.

Legg til ramme

I staden for å lage lysglimt i dei lysaste punkta i biletet, vert det laga ei ramme av lysglimt rundt biletet.

Naturleg farge, Forgrunnsfarge, Bakgrunnsfarge

Desse vala bestemmer fargen på den midtre delen av stjerna. Fargen vert lagt til i skjerm-modus, eller multipliser-modus dersom det er merka av for inverter. (Sjå om modus i Del 2, «Lagmodus»). «Naturleg farge» er fargen på den valde pikselen i biletet.