6.8. Slagskugge

6.8.1. Oversyn

Figur 17.127. Eksempel på bruk av filteret «slagskugge»

Eksempel på bruk av filteret «slagskugge»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «slagskugge»

Bruk av GEGL-filteret «Slagskugge»


Med dette GEGL-filteret kan du leggja til slagskugge i eit bilete, eit utval eller ein tekst. Du kan velja farge, plassering og storleik på skuggen.

6.8.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeSlagskugge.

Det er tilgjengeleg berre viss biletet har ein alfakanal (sjå Del 7.36, «Legg til alfakanal»). Elles er det slått av.

6.8.3. Innstillingar

Figur 17.128. Innstillingane for filteret «slagskugge»

Innstillingane for filteret «slagskugge»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

X, Y

Laget som inneheld slagskuggen vil verta flytt X pikslar vassrett og Y pikslar loddrett. Så X- og Y-forskyvinga bestemmer plasseringa av skuggen i høve til biletet. Høge verdiar gjer at den imaginære lyskjelda ser ut til å vera langt borte, medan låge verdiar gjer at kjelda ser ut til å vera nærare biletet.

Forskyvinga kan også vere negativ. Med X < 0 vert skuggen flytt mot venstre og med Y < 0 oppover.

Er du nyfiken, kan du sjå skuggelaget tydeleg ved å setja sløringa til 0 og flytta skuggen med X og Y.

Sløringsradius

For å gjera skuggen meir realistisk, er han sløra med gaussisk sløring med den spesifiserte sløringsradiusen.

Auk forma

Du kan velja forma som skal brukast til å utvida eller trekkja saman skuggen. Vala er sjølvforklarande: Sirkel (standard), Kvadrat eller Rombe.

Aukingsradius

Kor langt skuggen skal ekspanderst før sløringa. Ein negativ verdi gjer at skuggen vert trekt saman i staden.

Farge

Du kan velgja fargen på skuggen her. Berre klikk på fargeprøven og vel ein farge når fargeveljaren dukkar opp, eller bruk pipetta for å velja ein farge frå biletet.

Dekkevne

Dekkevna for skuggen. Standard er 0,500, men du kan velja kva verdi som helst mellom 0 (full gjennomsikt) til 2,00 (full dekkevne).

6.8.4. Å bruka filteret «Slagskugge»

Dette GEGL-filteret for slagskugge er overraskande: viss du brukar filteret direkte på biletet slik du gjer med det tradisjonelle filteret, skjer det ingen ting viss du ikkje har gjennomsiktige område i biletet.

For å få same resultatet som med det tradisjonelle filteret:

  1. Opna originalbiletet.

  2. Opna eit nytt bilete, litt større enn originalbiletet og fyll det med gjennomsikt.

  3. Copy your original image and paste it into the new image. A floating selection is created in the Layers dialog.

  4. Forankra det flytande utvalet.

  5. Vel LagBeskjer laget til innhaldet.

  6. Vel LagSet laggrensene…: set lagstorleiken til det same som biletet ditt og fylt med gjennomsikt. Trykk på knappen Midtstill og deretter på knappen Endra storleik.

  7. Opna dialogvindauget for slagskugge. Slagskuggen vert vist på førehandsvisinga på lerretet. Du kan endra standardinnstillingane.

  8. Legg eventuelt til eit nytt lag med same storleiken som biletet og fyll det med den fargen du vil gje til bakgrunnen. Flytt dette laget til nedst i lagstabelen.

  9. Trukk på knappen OK for å ta filteret i bruk.

Bruk av filteret på eit utval:

  1. Opna originalbiletet.

  2. Opna eit nytt bilete med same storeliok som originalbiletet, fylt med gjennomsikt.

  3. Opprett utvalet

  4. Copy the selection and paste it into the new image. A floating selection is created in the Layers dialog.

  5. Forankra det flytande utvalet.

  6. Vel LagBeskjer laget til innhaldet.

  7. Vel LagLaget til biletstorleiken (med gjennomsikt).

  8. Opna dialogvindauget for slagskugge. Slagskuggen vert vist på førehandsvisinga på lerretet. Du kan endra standardinnstillingane.

  9. Legg eventuelt til eit nytt lag med same storleiken som biletet og fyll det med den fargen du vil gje til bakgrunnen. Flytt dette laget til nedst i lagstabelen.

    Du kan også bruka originalbiletet dittt som bakgrunn: Angra utvalet, kopier biletet og lim det inn som eit nytt lag i det nye biletet. Flytt det nye laget nedst i lagstabelen.

  10. Trukk på knappen OK for å ta filteret i bruk.

Bruk av filteret på ein tekst:

Prosedyren er enklare for å laga ein slagskugge for ein tekst: Opprett teksten og bruk filteret for slagskugge direkte.