11.14. Vevnad

11.14.1. Oversyn

Figur 17.241. Eksempel på bruk av «Vevnad»

Eksempel på bruk av «Vevnad»

Filteret «Vevnad» brukt


Vevnad er eit skript i Script-Fu som opprettar eit nytt lag med eit vevmønster. Det nye laget vert lagt til biletet som eit overlegg eller som avbildingskart. Dette kan gjere at biletet kan sjå ut som det er trykt på ein vev av papirremser, tynne trefliser eller bambuspinnar.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

Dette filteret legg eit lag i multiplisermodus over det gjeldande laget. Vevmønsteret vert teikna i grånivå.

11.14.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskVevnad ….

11.14.3. Innstillingar

Figur 17.242. Innstillingane for filteret «Vevnad»

Innstillingane for filteret «Vevnad»

For å laga eit grovmaska mønster, kan du auka stripeavstanden og/eller minska stripebreidda.

For å gjera stripene hardare, gjer skuggedjupna mindre.

Stripebreidde

Denne vert brukt for å setje trådbreidda mellom 0,0 og 256,0 pikslar. Normalinnstillinga er 30,0 pikslar.

Stripeavstand

Denne vert brukt til å setja avstanden mellom stripene eller storleiken på dei svarte firkantane mellom stripene mellom 0,0 og 256,0 pikslar. Normalinnstillinga er sett til 10,0 pikslar.

Skuggemørkne

Her bestemmer du kor mørk den underste stripa skal vera i krysspunkta. Låg verdi gjev også tynnare striper. Verdi frå 0 til 100 %. Normalinnstillinga er 75,0 %.

Skuggedjupn

Denne styrer kor mykje stripene skal bøyast (i prosent). Ein høg verdi gjev meir bøy medan ein låg verdi gjev flatare striper. Verdien kan vera frå 0 til 100 % med 75 % som normalverdi. Verknaden vert avgrensa av verdien sett for Skuggemørkne.

Trådlengde

Denne bestemmer regulariteten for mønsteret. Dersom verdien er mindre enn summen av stripebreidda og den doble stripeavstanden vert stripene prikkete. Verdien kan vera mellom 0,0 og 256,0 med 200,0 som normalinnstilling.

Trådtettleik

Her bestemmer du tettleiken til dei korte parallelle fiberliknande stripene på banda. Auk verdien for å fylla ut stripene. Normalinnstillinga er 50,0 %.

Trådintensitet

Her bestemmer du dekkevna for stripene. Låg verdi gjer stripene veikare. Sett verdien til 0 for å fjerna stripene. Normalinnstillinga er 100,0 %.

11.14.4. Anna bruk

Figur 17.243. Å laga eit gitter med filteret «vevnad»

Å laga eit gitter med filteret «vevnad»

Med smal stripebreidde og brei stripeavstand, fylt med mønsterelementet «Wood #1».


Dette mønsteret kan vera eit gitter der du kan sjå det opphavlege biletet gjennom hola. Legg til eit gjennomsiktig lag for rutenettet over det opphavlege laget. Klikk på ein svart firkant i teksturlaget med verktøyet vel etter farge og fjern deretter fargen i desse svarte utvala slik at dei vert gjennomsiktige. Reverser utvalet og slå på det gjennomsiktige laget. Fyll til slutt biletvindauget med eit mønsterelement.