5.5. Eksportera filformat

Når du eksporterer eit bilete, har dei fleste filformata nokre innstillingar i tillegg som kan setjast. Viss dette er tilfelle, vert det opna eit nytt dialogvindauge etter at du har vald filnamnet og eksportformatet. I dei neste sidene vil vi dokumentera dialogvindauget for alle eksportformata i alfabetisk rekkjefølgje.

Ver merksam på at ikkje alle formata har støtte for alle typar bilete. Spesielt er det mange format som ikkje har støtte for gjennomsikt (som jpeg), medan berre nokre få format kan brukast for animasjon (som webp og gif).

5.5.1. Eksportera animasjonar

Nokre filformat som er støtta av GIMP kan brukast for å eksportera ein animasjon. Dei mest brukte er webp og gif, men også mng. Det siste formatet er førebels støtta berre av nokre få program.

GIMP har berre ei avgrensa støtte for å laga animasjonar. Ved eksport, vert det rekna med at kvart lag i biletet representerer ei ramme i animasjonen. Normalt har formata ikkje støtte for laggrupper, så du bør unngå å bruka desse når du lagar ein animasjon.

Det kan vera nyttig å leggja til ein del viktige parameterar i lagnamnet slik at det for eksempel er enklare å sjå korleis laget skal animerast og kor lenge det skal visast før skifte til neste ramme. Når desse er sette, kan namnet sjå slik ut: «Lagnamnet (vising i ms)(animasjonskommando)».

Forseinkinga set kor lenge ramma skal visast, altså (200 ms) for å setja visinga til 200 millisekund.

Animeringskommandoen spesifiserer korleis ramma skal kombinerast med den førre ramma. Du kan velja berre éin kommando for kvart lag. Kommandoane er:

byt ut

(byt ut) betyr at laget (ramma) vill erstatta den førre ramma fullstendig.

kombiner

(kombiner) betyr at laget (ramma) vert kombinert med det førre laget. Berre dei synlege delane i laget vert bytt ut med dei tilsvarande i det førre laget. (kombiner) kan minska storleiken på animasjonen og forbetra avspelinga av store animasjonar.

Du kan bruka kommandoen optimer (for GIF) for å endra(byt ut) laga til (kombiner). Dette vil justera laga slik at dei inneheld berre det som er ulikt i dei to laga og så set det til (byt ut). Ikkje nøl med å bruka dette, sjølv om du planlegg å eksportera til eit anna format enn GIF. Denne kommandoen fekk namn då det ikkje fanst mange andre animasjonsalternativ enn GIF, men han kan brukast for kva animasjonsformat som helst som har støtte samanslåing.

Merk at du kan reversera og deoptimera animasjonen, som set kvart lag til (byt ut).

GIMP har ein avgrensa Spel av-kommando som du kan bruka for å sjå korleis animasjonen er.