5.6. Eksportera bilete som GIF

Figur 15.61. Dialogvindauget for GIF-eksport

Dialogvindauget for GIF-eksport

[Åtvaring] Åtvaring

Legg merkje til at GIF-formatet ikkje kan lagra ein del grunnleggjande biletopplysingar som delvis gjennomsikt og utskriftoppløysinga.

GIMP har også støtte for eksport med opp til 256 fargar.. For å få dei beste resultata, set biletet til indeksert modus når du planlegg å eksportera til GIF. Viss du ikkje ønskjer desse innstillingane, vel eit anna filformat som PNG.

GIF-innstillingar
Linjevis

«Linjevis» betyr at biletet vert vist etter kvart som det vert lasta ned. Dette var spesielt viktig den tida dei fleste internettsamband var saktegåande. Brukaren kunne då stoppe nedlastinga dersom biletet såg uinteressant ut. Funksjonen er mindre viktig i dag.

Lagra merknad

GIF-merknadane kan berre vera 7-bits ASCII. Brukar du andre teikn vil GIMP eksportera biletet utan merknadane og deretter gje ei melding om at merknadane ikkje vart lagra.

Innstillingar for animert GIF

Når du arbeidar med ein animasjon, kan du setja visse parameterar i namnet på laget. Sjåeksportera animasjonar for meir om dette.

Merk: Eksport som GIF-animasjon har ikkje støtte for laggrupper.

Som animasjon

Når dette valet er merkt, vert biletet eksportert som ein animasjon. Dette valet er fråkopla (og valet er ikkje synleg) viss biletet har berre eitt lag.

Talet på repetisjonar

Du kan bestemma kor mange gonger animasjonen skal visast før visinga stoppar. Verdien her gjeld ikkje viss det er merkt av for Evig sløyfe.

Uendeleg sløyfe

Gjer at animasjonen vert repetert heilt til du stoppar han.

Pause mellom rammene når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemma kor mange millisekund pausen mellom kvar ramme skal vera. Du endrar dette i dialogvindauget for lag. Legg merkje til at nokre operativsystem kan overstyra lengda på grunn av klokkefrekvensen brukt i systemet eller andre tekniske avgrensingar.

Rammeovergang når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemma korleis rammene skal leggjast over kvarandre. Du har valet mellom:

  • Det er meg likegyldig: Dette valet kan berre brukast når alle biletlaga er ugjennomsiktige. Laget vil overskrive det som ligg under.

  • Kumulative lag (Kombinere) : Tidlegare viste rammer vert ikkje sletta når ei ny ramme vert vist.

  • Ei ramme per lag (erstatt): Tidlegare viste rammer vert sletta før den nye ramma vert vist.

Bruk forseinkinga ovanfor for alle rammene

Verdien i Pause mellom rammene når uspesifisert vert brukt for alle rammene.

Bruk disposisjonen ovanfor for alle rammene

Verdien i Rammeovergang når uspesifisert vert brukt for alle rammene.