I denne innstillinga kan du setja algoritmen for komprimeringa av biletet.
Ingen: Rask, utan tap, men fila kan verta svært stor.
LZW: LZW er forkorting for algoritmen «Lempel-Ziv-Welch» som komprimerer biletet utan tap. Dette er ein gammal metode, men effektiv og rask. Meir informasjon (engelsk) på [WKPD-LZW].
Pack Bits: Ein rask, enkel kompresjon for «run-length» koding av data. PackBits-formatet vart introdusert av Apple då MacPaint vart teke i bruk på Macintosh datamaskinen. Ein PackBits datastraum er sett saman av pakker med 1 bytes header etterfølgd av data. (Kjelde: [WKPD-PACKBITS])
Deflate: Dette er ein algoritme for tapsfri komprimering. Metoden er ei blanding av «Lempel-Ziv-Storer-Szymanski-Algorithmen» (LZ77) og «Huffman-Koding». Den same metoden vert også brukt i filformata Zip, Gzip og PNG. Kjelde: [WKPD-DEFLATE].
JPEG: er ei svært god, men ikkje tapsfri, komprimeringsalgoritme. Dette er same komprimeringa som vert brukt i JPEG-bilete. Sidan det ikkje er tapsfritt, bør du ikkje bruka det på bilete der kvaliteten er viktig. Denne komprimeringa kan ikkje brukast på indekserte bilete.
CCITT Group 3 faxog CCITT Group 4 fax: Dette er komprimeringsmetodar brukte for telefaks i svart/kvitt.
Notat | |
---|---|
Desse to komprimeringsmetodane kan berre brukast dersom biletet er indeksert med to fargar. Bruk menyvalet → → for å omforma biletet til indeksert med «Bruk svart og kvit (1-bit) palett». |
Du kan lagra lag når du eksporterer til TIFF. Kvart lag vert ei eiga side i TIFF-biletet.
Når det er merkt av for Lagra lag, vil dette alternativet, som er slått på som standard, endra storleiken på alle laga til storleiken på biletet. TIFF-bilete kan ikkje ha negative forskyvingar. Dette alternativet let deg importera TIFF på nytt utan å måtta endra posisjonen til lag som hadde ein annan storleik i originalen.
Gjer at fargeverdiane for pikslane vert lagra, sjølv om pikslane er komplett gjennomsiktige.
Om eksporten skal gjerast med ein CMYK fargeprofil.
Du kan trykkja på lenkja «(rediger)» for å opna eit vindauge der du kan endra eller leggja til kva metadata som helst som skal leggjast til i biletet. Merk: Du må likevel slå på dei relevante innstillingane for å lagra metadata lista opp nedanfor.
Når dette alternativet er slått på, vert alle Exif metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.
Når dette alternativet er slått på, vert alle IPTC metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.
Når dette alternativet er slått på, vert alle XMP metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.
Gjer at fargeprofilen vert lagra i det eksporterte TIFF-biletet.
Når dette alternativet er slått på, vert det lagra ein miniatyr som den andre sida i det eksporterte TIFF-biletet. Dette gjer at fleire Exif-taggar vert lagra sjølv om du har slått av å lagra Exif metadata.
Når dette alternativet er slått på, vert GeoTIFF metadata som finst i originalen lagra i det eksporterte TIFF-biletet.
Her kan du slå på å lagra ein merknad som er sett inn i biletet. Merknaden kan skrivast inn i teksboksen nedanfor dette valet.