Kanaldialogvindauget er staden du brukar for å utføra arbeid direkte på kanalane, både å redigera og gjera andre endringar. Kanalane vert brukte på to måtar. Det er difor dialogvindauget er delt i to. Den første delen er for fargekanalar og den andre for utvalsmasker.
Fargekanalar gjeld for biletet og ikkje for eit bestemt lag. I utgangspunktet trengs det tre primærfargar for å gje att heile spekteret av naturlege fargar. Som anna digital programvare, brukar GIMP raudt, grønt og blått som primærfargar. Den første og primære kanalen viser verdiane Raud, Grøn og Blå for kvar piksel i biletet.
Ved sida av kanalnamnet er det ein miniatyr som viser ein representasjon av kvar kanal i gråtoner. Kvit er 100 % og svart er 0 % av primærfargen. Viss biletet er i gråtoner, er det berre éin primærkanal kalla Grå. Er biletet indeksert med eit bestemt tal på fargar, er det berre éin primærkanal kalla Indeksert.
Så er det ein valfri kanal kalla Alfa. Denne kanalen viser gjennomsiktsverdiane for kvar piksel i biletet (sjå Alfakanal i ordlista). Framføre denne kanalen er det eit miniatyrbilete som viser ein gråtonerepresentasjon av gjennomsikta der kvitt er ugjennomsiktig og synleg, og svart er gjennomsiktig og usynleg. Viss du lagar biletet ditt utan gjennomsikt, manglar alfakanalen, men du kan leggja han til frå Dialogmenyen for lag. Dessutan, viss du har meir enn eitt lag i biletet, opprettar GIMP automatisk ein alfakanal.
Notat | |
---|---|
GIMP har ikkje støtte for fargemodellane CMYK og YUV. |
Biletet heilt til høgre er sett saman av dei fire kanalane, raud, grøn, blå og alfa. Sjakkbrettmønsteret viser gjennomsiktige område. Sidan kvit farge i den brukte fargemodellen er sett saman av alle primærfargane, vil kvit vera kvitfarga (100 %) i alle kanalane. Svart er mangel på farge, og vil difor visast som svart (0 %) i alle kanalane. Den raude hatten er synleg i raudkanalen, men ikkje i dei andre. Dette gjeld for alle reine grøne eller blå fargar også. Dei er berre synlege i respektive kanalar.
Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
Frå hovudmenyen via
→ → .Frå fanemenyen i eit anna dialogpanel ved å klikka på fana og velja → .
Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfta kanaldialogvindauget frå biletmenyen: → .
finna ei liste overThe Channels Dialog consists of a list of color channels and the optional Alpha channel. Below that is a list of selection mask channels. A right-click in a channel list entry opens the channel context menu.
Fargekanalane er ordna på same måten og kan ikkje fjernast. Du kan berre endra om dei er synlege eller ei, og velja eller ikkje velja dei. Som standard er alle desse kanalane synlege og valde.
Obs | |
---|---|
Den gjeldande fargekanalen er utheva i dialogvindauget. Viss du klikkar på ein fargekanal i lista, byter du valet av den tilsvarande kanalen, noko som betyr at valet av ein kanal vert oppheva og omvendt. Det kan få alvorlege konsekvensar om du slår av ein fargekanal. Slår du for eksempel av den blå kanalen, vil alle pikslane i biletet mangla blåkomponenten. Ein kvit piksel vert vist med den gule komplementærfargen. |
Notat | |
---|---|
Duplikat- og utvalskommandoane som er dokumenterte nedanfor kan også brukast på fargekanalane. Dette fungerer likevel berre når du får tilgang til kommandoen frå sprettoppmenyen (høgreklikk), og berre for éin kanal om gongen. |
I GIMP kan du velja fleire maskekanalar og utføra handlingar på dei. Du kan for eksempel flytta dei i kanalstakken og konvertera dei til utval. Du brukar Shift-tasten saman med musepeikaren for å leggja til eit kanalområden eller Ctrl-tasten for å leggja til eller fjerna kanalen du har klikka på.
Du finn overskriftslinja like over lista over utvalsmaskene. Til venstre finn du ikona som identifiserer om visinga er synleg eller låst. I midten ein tekst som fortel kor mange kanalar som er merkte viss det er meir enn éin.
Kvar kanal vert vist i lista saman med attributta for kanalen. Dette er nokså likt det som er brukt for lagattributta:
Som standard er alle fargekanalane synlege og fargemaskekanalane usynlege. Klikkar du på augesymbolet, eller den tome plassen viss kanalen ikkje er synleg, vil slå av eller på visinga av kanalen. Dersom du held nede Shift-tasten samstundes, vert alle dei andre kanalane gøymde.
Kvar utvalsmaskekanal har ein låsefunksjon. Viss ei innstilling er sett, vert det respektive låseikonet vist framføre miniatyren.
Når det er sett fleire attributt, vert det sett eit dobbelt låsikon her. Du kan endra attributta ved å klikka på dette ikonet.
Dette ikonet viser om «lås pikslar» er slått på for den gjeldande kanalen. Når dette er slått på, er kanalen låst for alt som endrar pikslane, noko som betyr at det ikkje vert gjort nokre endringar i denne kanalen.
Dette Ikonet vert vist om «lås posisjon og storleik» er slått på (utheva) for den gjeldande kanalen. Når denne er slått på, er kanalen låst for alle handlingar som vil endra plasseringa og storleiken.
Denne skiftknappe slår av eller på «Lås» for om laget er synleg eller ikkje. Viss denne er slått på, kan visinga av laget ikkje endrast før du slår han av igjen.
Effekten av kanalen vert vist i ei lita førehandsvising. Du kan forstørra førehandsvisinga ved å halde nede den venstre museknappen over ho.
Namnet på kanalen må vera unikt i biletet. Dobbeltklikk på ein utvalsmaskekanal for å kunna redigera han. Namna på primærkanalane (raud, grøn, blå og alfa) kan ikkje endrast. Dobbeltklikk på ei førehandsvising opnar eit dialogvindauge der du kan setja alle kanalinnstillingane.
Det er tre knappar nedst har desse funksjonane:
Dette vil laga ein ny kanal. Det kjem opp eit dialogvindauge der du kan setja kanalnamnet, fargetaggen, kanalattributta og låsattributta og endeleg dekkevne og fargen på maska brukt i biletvindauget. Trykk på fargeknappen for å få fram GIMP sin fargeveljar for å forandra maskefargen.
Viss du held nede Shift-tasten medan du klikkar på knappen vert ikkje dialogvindauget for ny kanal opna. I staden vert kanalen laga med dei sist brukte innstillingane. Den nye kanalen er ei utvalsmaske som vert lagt over biletet. Sjå Utvalsmasker for meir om dette.
Denne vert brukt for å heva kanalane i lista. Trykk Shift-tasten samstundes for å flytta dei valde kanalane øvst.
Denne vert brukt for å senka kanalane i lista. Trykk Shift-tasten samstundes for å flytta dei valde kanalane nedst.
Denne lagar ein kopi av kanalen. Kopien får same namnet som den opphavlege kanalen med eit tal etter.
Tips | |
---|---|
Du kan også duplisera fargekanalane eller alfakanalen. Dette er ein enkel måte å laga ein kopi som kan brukast som eit utval i eit bilete. Merk at du kan berre duplisera éin fargekanal om gongen og berre med høgreklikkmenyen. |
Denne vert brukt for å omforma dei gjeldande kanalane til eit utval. Normalt vil det nye utvalet erstatta det eksisterande, men dette kan du forandra på ved hjelp av kontrolltastane.
Shift: Gjer at det nye utvalet vert lagt til det eksisterande utvalet. Resultatet vert ei samanfletting av begge utvala.
Ctrl: resultatet vert at det nye utvalet vert trekt frå det eksisterande.
Shift+Ctrl: Det nye utvalet vert eit snitt av begge utvala. Berre det som er felles i begge vert teke med.
Slett dei valde kanalane.
Du kan få fram denne sprettoppmenyen ved å høgreklikka i kanaldialogvindauget. Mange av operasjonane på kanalane er tilgjengelege frå knappane nedst i kanallista. Desse operasjonane er dokumenterte her.
Desse kommandoane unnateke Rediger kanalattributta … verkar også når fleire kanalar er valde.
Berre tilgjengeleg for utvalsmasker. Her kan du endra kanalnamnet, fargetaggen, kanalattributta og låsattributta og endeleg dekkevne og fargen på maska brukt i biletvindauget. Trykk på fargeknappen for å få fram GIMP sin fargeveljar for å forandra maskefargen.
Tilgjengeleg berre for utvalsmasker. Dette let deg tilordna ein fargetagg til ein eller fleire merkte kanalar. Viss du har mange kanalar, kan dette gjera det lettare å identifisera dei ved å gje relaterte kanalar same fargemerke. For å fjerna fargemerket, vel Ingen.
Sjå kanalhandsaming.
Utval oppretta frå den gjeldande kanalen vil erstatta tidlegare gjeldande utval.
Utvalet som er utleidd frå den gjeldande kanalen er lagt til i det gjeldande utvalet. Det endelege utvalet er fletta saman av begge.
Det endelege utvalet er laga ved å subtrahera utvalet utleidd frå den valde kanalen frå det gjeldande utvalet.
Det endelege resultatet vert snittet mellom utvalet utleidd frå den valde kanalen og den gjeldande kanalen. Berre dei utvalde delane som er felles for begge vert halde på.
Du kan bruka kanalar for å lagra og henta fram igjen utval. I kanaldialogvindauget kan du sjå ein miniatyr som viser utvalet. Utvalsmaskene er ein metode for laga utvalet om til ein gråtonekanal der kvite punkt er utvalde og svarte punkt ikkje er utvalde. Grå punkt er delvis utvalde. Du kan sjå på desse som ein mjuk overgang frå utvalde til ikkje utvalde område. Dette er viktig for å unngå den stygge «pikseleringseffekten» («hakkete overgangar») som kan oppstå når du fyller utvalet med farge eller brukar viskeleret på utvalet.
Utvalsmaska kan opnast på fleire måtar.
Frå hovudmenyen via
→ dersom det finst eit gjeldande utval i biletet.I biletvindauget vil knappen nede til venstre oppretta ei snarmaske. Innhaldet vil svara til det gjeldande utvalet.
Frå kanaldialogvindauget når du trykkjer på knappen
eller frå sprettoppmenyen. Når utvalsmaska er oppretta, vert ho synleg i kanaldialogvindauget med namnet «Ny kanal», eventuelt med eit tal etter dersom det er fleire kopiar. Du kan endra namnet ved å høgreklikka på kanalen.Når kanalen er initialisert, vald (utheva med blått), synleg (vist med augeikonet i dialogvindauget) og vist som du ønskjer (farge- og gjennomsiktsattributt), kan du byrja å arbeida med alle teikneverktøya. Fargane som vert brukte er viktige. Viss du teiknar med ein annan farge enn kvit, grå eller svart, vert fargeverdien (lysmengd) brukt til å definera ein grå (middels, lys eller mørk) farge. Når maska er teikna, kan du gjera ho om til eit utval ved å klikka på knappen (Kanal til utval) eller frå sprettoppmenyen.
Du kan arbeida på utvalsmaska med andre verktøy enn teikneverktøya. For eksempel kan du bruka utvalsverktøya for å fylla eit område av maska med fargeovergangar eller mønsterelement. Det er såleis mogleg å komponera svært komplekse utval ved å kombinera ulike utvalsmasker.
Obs | |
---|---|
Så lenge utvalsmaska er i bruk, arbeidar du på denne og ikkje på biletet. Skal du arbeida på biletet, må du slå av alle utvalsmaskene. Gløym heller ikkje å gøyma maskene ved å klikka på augeikonet. Det er også ein god ide å kontrollera at alle RGB- og alfakanalane er slått på og vert viste i biletet. |
Ei Snarmaske er ei utvalsmaske tenkt brukt temporært for å teikna på eit utval. Med temporært meiner ein her at, ulikt vanlege utvalsmasker, vert snarmaska ikkje lagra i lista etter at ho er omforma til eit utval. Når du arbeidar med svært komplekse bilete, kan det hende at utvalsverktøya møter grensene sine. I slike høve er snarmaska god å ty til, ofte med svært godt resultat.
Snarmaska kan hentast fram på fleire måtar:
Frå hovudmenyen via
→ .Ved å klikka på den venstre knappen utheva på skjermbiletet.
Ved å bruka snarvegen Shift+Q.
For å setja opp Snarmaske klikkar du på knappen nede til venstre i biletvindauget. Dersom det finst eit gjeldande utval i biletet, vil dette vera uforandra, men alt rundt vert dekka av ein raud, gjennomsiktig film. Dersom biletet ikkje har noko utval, vert heile biletet dekka med filmen. Klikk ein gong til på knappen for å slå av snarmaska.
Frå kanaldialogvindauget kan du dobbeltklikka på namnet eller på miniatyren for å redigera innstillingane for Snarmaske. Du kan endra Dekkevne og fyllfargen. Du kan når som helst gøyma maska ved å klikka på augesymbolet framføre Snarmaska.
Maska er koda i gråtoner, så du må bruka kvitt eller grått for å minska området eller svart for å gjera området større. Område som er teikna med mørk eller lys grå vert omformingsområda for mjuke kantar i utvalet. Når maska er ferdig, klikk ein gong til på knappen nede til venstre i biletet for å fjerna snarmaska frå kanallista og gjera ho om til eit utval.
Føremålet med snarmaska er å kunna bruka teikneverktøya for å markera utval og overgangar utan å bry seg med utvalsmaska. Snarmaska er ein god måte å isolera eit objekt i eit bilete fordi når utvalet er gjort, kan du berre fjerna innhaldet, eventuelt etter å ha invertert maska dersom objektet er inne i markeringa.
Etter at du har trykt på knappen for snarmaske vert det laga ein mellombels 8-bits (0 - 255) kanal der fargeovergangen vert lagra. Dersom det finst eit utval i biletet når maska vert laga, vil maska henta data frå dette utvalet. Når snarmaska vert slått på, vert dei områda som ikkje er utvalde markerte med ei raud, halvgjennomsiktig hinne. Du kan bruka alle teikneverktøya for å laga utval på snarmaska. Sidan snarmaska berre vert påverka av gråtoner, er det enklast å teikne med ulike gråtoner for å laga ulike grader av utveljing. Bruk kvit farge der du kan koma til å leggja inn andre grader av utveljing seinare. Utvalet vert gjeldande så snart du slår av snarmaska, men den mellombels kanalen forsvinn for alltid.
Tips | |
---|---|
Dersom du ønskjer å lagra utvalet, kan du bruka → i hovudmenyen. |
Slå på snarmaska ved å trykkja på knappen i biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vert maska laga med data frå dette.
Vel eit teikneverktøy og bruk dette med gråtoner på snarmaska.
Slå av snarmaska med knappen nede til venstre i biletvindauget.