Figur 16.148. Eksempel på bruk av filteret «inverter verdiar»
Det opphavlege biletet
Etter bruk av filteret «Inverter verdiar»
Dette filteret inverterer lysverdien (luminositeten) i det gjeldande laget eller utvalet. Kulør og metning vert normalt ikkje påverka, men det kan verta nokre små endringar på grunn av avrundingsfeil. Ønskjer du å invertere kulør og metning, bruker du
→ .Legg merke til at kulør og metning kan gje eit forvrengt resultat dersom du brukar filteret meir enn éin gong på lyse fargar. For eksempel gjev lysegrønt (HSV 102°,100 %, 98 %) resultatet HSV 96°, 100%, 2% etter første køyringa og 96°, 100%, 98% etter andre køyringa. Du kan såleis ikkje rekna med å køyra filteret to gonger for å kome tilbake til startverdiane.
Figur 16.149. Eksempel på to gongers bruk av filteret
Det opphavlege biletet
Filteret brukt ein gong
Filteret brukt to gonger. Biletet er synleg forandra.