Dette filteret lagar ei form for boble med same storleik som biletet eller utvalet, som om innhaldet vert pakka rundt ei kule.
Figur 17.79. Eksempel på bruk av filteret «Sfæriser» med standardverdiar
Originalbiletet
Filteret «Sfæriser» brukt
![]() |
Notat |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Radiell er standardmodus. Sjå eksempelet ovanfor.
Vassrett: som om biletet vert avbilda på ein loddrett sylinder.
Loddrett: som om biletet vert avbilda på ein vassrett sylinder.
Kameravinkel (0 - 180°)
Vinkelen på kulekalotten som ein brøkdel av samvinkelen (komplementeringsvinkelen) av visinga. Resultatet vert mindre kuppelforma sidan krumminga minskar (100 % - 0).
Interessant for negative verdiar som resulterer i ei innholing i staden for ei utbuling (frå 1,000 til -1,000).
Interpoleringsmetodane er forklarte i Interpolering.
Teiknar du eit utval før du tek i bruk filteret, kan du oppretta ei ny form, som for eksempel ei kule:: vel ellipseverktøyet med Fast avmerkt. Teikna ein sirkel. Bruk filteret «Sfæriser» med Bruk utvalet som inngang avmerkt. Inverter utvalet og fyll det med den ønskte bakgrunnen.