Frå hovudmenyen via
→ .Inne i dialogvindauget for transformasjonsverktøya finn du verktøy for å endra presentasjonen av biletet eller presentasjonen av eit element i biletet, utvalet, laget eller banen. Kvart transformeringsverktøy har eit dialogvindauge for å setja innstillingar og eit dialogvindauge for informasjon der du kan setja parametrane.
Denne kategorien inneheld desse verktøya:
Ein del innstillingar er felles for fleire av transformasjonsverktøya, og vert omtalte her. Dei innstillingane som er spesielle for einskilde verktøy vert omtalte saman med verktøyet.
GIMP har fire knappar i verktøyinnstillingane som du kan bruka for å bestemme kva for biletelement transformeringsverktøyet skal arbeide på.
Notat | |
---|---|
Innstillingane for transformering for eit verktøy held fram etter byte av verktøy. |
Når du brukar den første knappen, verkar verktøyet på det gjeldande laget. Viss det ikkje finst eit utval, vert heile laget transformert.
Når den andre knappen er i bruk, verkar verktøyet berre på utvalet, eller heile laget om det ikkje finst noko utval.
Når den tredje knappen er i bruk, arbeider verktøyet berre på den gjeldande banen.
Når du brukar den fjerde knappen, vert transformeringa brukt på alle laga.
Dette valet bestemmer kva retning laget vert transformert:
Framover (normal) betyr i denne samanhengen at biletet vert forandra til slik du ser det når du dreg i handtaka som dukkar opp når du klikkar på biletet med eitt av desse verktøya. Dersom du brukar eit rutenett (sjå nedanfor) vert biletet eller laget transformert i høve til utsjånaden og posisjonen du har gjeve gitteret.
«Bakover (korrigerande)» inverterer retningen. Vert mest brukt saman med roteringsverktøyet for å korrigera bilete som har geometriske feil, som for eksempel ein horisont som ikkje er vassrett eller ein vegg som ikkje er loddrett. Sjå Del 4.5, «Rotér».
Du kan lenkja desse to alternativa i verktøya «Roter», «Skaler», «Perspektiv», «Sameint transformering» og «Handtakstransformering». Dette tillét flyttbare handtak utan å påverka transformasjonen og let deg justera posisjonen på nytt manuelt.
Du kan velja transformeringsmetode i nedtrekkslista. Den valde metoden påverkar farten og kvaliteten, sjølv om dette også er avhengig av biletet og kva for transformering du har vald.
Pikselfargen vert kopiert frå den næraste pikselen i det opphavlege biletet. Dette resulterer ofte i hakkete kantar («trappetrinn») og eit grovt bilete. Metoden er den raskaste. Metoden vert også kalla «næraste nabo».
Pikselfargen vert rekna ut som eit gjennomsnitt av dei fire næraste pikslane i det opphavlege biletet. Dette gjev eit tilfredsstillande resultat i dei fleste tilfella og er eit godt kompromiss mellom fart og kvalitet. Metoden vert også kalla «bilineær».
Fargen på kvar piksel vert rekna ut som eit gjennomsnitt av dei åtte næraste fargane i det opphavlege biletet. Dette gjev som oftast eit godt resultat, men i nokre tilfelle vert det verre enn lineær, og kan også vera seinare. Metoden vert også kalla «bikubisk».
Desse metodane utfører interpolering av høg kvalitet. Bruk IngenHalo-metoden når du forminskar eit bilete til mindre enn halvparten av den opphavlege storleiken og LågHalo-metoden når du ikkje forminskar mykje (roter, del).
Ein «halo» er eit fenomen som kan lagast ved interpolasjon. Det minner om haloen du kan få når du brukar Del 4.8, «Gjer skarpare (uskarpmaske)». Her er eit notat frå Nicolas Robidoux som skapte desse filtra for GEGL og GIMP:
«Viss haloar ikkje er eit problem i høve til innhaldet og bruken,
kva for ein av dei to bør du prøva først? (Det er klårt at viss du vil
minimera haloen er ‘IngenHalo’ løysinga).
Viss du gjer biletet mindre, er som oftast ‘IngenHalo’ det beste.
Viss transformasjonen din ikkje er ein generell reduksjon, for
eksempel viss du forstørrar, roterar eller brukar ein perspektiv-
transformasjon som held delar av bildet ved same eller
høgare oppløysing, føretrekk eg som oftast ‘IngenHalo’. Denne
preferansen vert endra avhengig av innhaldet i biletet. Viss for
eksempel biletet inneheld tekst eller tekstliknande objekt eller har
store område med berre nokre få ulike fargar, som ‘old school pixel
art’, ville eg bytt til LågHalo. Det same viss biletet er ganske støyande
eller skjemd av kompresjonsfeil (som dei fleste JPEG-ar som finst på
nettet). Motsett, viss biletet er støyfritt, lite uskarpt (som betyr at når
pikseltoppar, dvs. linjene og grensesnitta er smurd over to
eller fleire piksler), og det er delikate hudtoner som skal
bevarast, ville eg prøvd IngenHalo først. Faktisk, hvis eg finn at
fargane har endra seg mykje etter transformasjonen med
LågHalo, ville eg straks byta til IngenHalo, sjølv om fargane
vert reduserte.
Disse tilrådingane bør i alle fall ikkje takast som eit
evangelium. Eg har framleis mykje å læra og finna ut. For
eksempel korleis ein best kan handsama gjennomsikt og ulike
fargerom er noko eg rimelegvis vil bruka ein del tid på framover.»
Notat | |
---|---|
Du kan bestemma kva interpoleringsmetode som skal vere standard i brukarinnstillingane. |
Dersom transformasjonen skulle føre til at biletformatet vert endra, kan du her velje korleis biletet skal tilpassast forandringane.
Du har valet mellom fleire ulike klippemetodar:
Laget vert forstørra slik at det vert plass til heile det roterte laget. Omrisset for det nye laget er synleg. Du kan gjera også innhaldet i laget synleg med kommandoen
→ .Med klipping: Alt som kjem utføre biletkanten vert klipt vekk.
Dersom denne er vald, vert biletet klipt slik at dei gjennomsiktige områda i hjørna ikkje vert med i det ferdige biletet.
Denne innstillinga verkar som Beskjer til resultatet, men syter for at sideforholda er dei same som i det opphavlege biletet.
Dersom det er kryssa av for dette valet, som er det normale, vil det transformerte biletet vera synleg over det opphavlege biletet. I tillegg kjem det også fram ein glidebrytar der du kan bestemma gjennomsikta for førehandsvisinga.
Inspirert av https://librearts.org/2020/02/gimp-2-10-18-full-review
Vis førehandsvisingane som ein del av biletkomposisjonen: når du har fleire lag, kvart med sin eigen blandingsmodus og gjennomsikt, dukkar det opp over alle dei andre laga når du transformerer eit lag. I ein kompleks lagkomposisjon kan du justera dette laget utan mykje prøving og feiling.
Samansett førehandsvising fjernar dette problemet ved å visa førehandsvising av det transformerte laget nøyaktig der det er i lagstabelen, med nøyaktig den valde dekkevna og blandingsmodusen.
Eit underalternativ er tilgjengeleg:
Synkron førehandsvising: dette alternativet er eksperimentelt. Ideen er å visa transformeringa straks du gjer endringar. Så i staden for å venta på at datamusa skal slutta å flytta på seg, teiknar det resultatet umiddelbart. Viss GIMP kan teikna alt raskt nok, betyr dette ei mjukare og meir direkte tilbakemelding.
Dette alternativet blokkerer alt anna til førehandsvisinga er teikna ferdig. Dette betyr at GIMP vil reagera mindre responsivt, spesielt om laga er store. Dette er grunnen til at valet som standard er kopla ut.
This is a drop-down list where you select the type of guide lines which suits your transforming. All the guides use a frame to mark the image's outline in addition to the lines used by the different selections.
Som namnet seier, ingen hjelpelinjer i bruk.
Brukar ei vassrett og ei loddrett linje som kryssar kvarandre midt i biletet.
Deler transformeringsområdet i ni like delar ved å legga til to vassrette og to loddrette hjelpelinjer. I følgje denne regelen skal dei mest interessante delane av biletet plasserast i skjeringspunkta mellom linjene.
Det same som tredelinga, men no delt i fem gonge fem delar.
Dette er «det gyldne snittet» som er ei matematisk oppdeling av biletet. Biletet vert delt i ni delar med bestemte forhold mellom delane og området som skal transformerast.
Deler området ved hjelp av diagonale linjer.
Legg eit rutenett over transformeringsområdet. Talet på ruter vert bestemt med glidebrytaren som dukkar opp.
Legg eit rutenett over transformeringsområdet. Avstanden mellom linjene vert bestemt med glidebrytaren som dukkar opp.
Dersom du ønskjer å transformere banar, kan det gjerast med transformeringsverktøya.
Når banen er på plass går du til dialogvondauget for banar og trykkjer på det første feltet før baneomrisset for å gjera augeikonet synleg. Vel deretter det transformeringsverktøyet du vil bruke. Trykk på baneikonet i den øvre delen av vindauget for å få verktøyet til å arbeida på banen.
Utfør transformasjonen og bekreft dette når du er ferdig. Det kan vere ein god ide å setja hjelpelinjene til «Ingen» for ikkje å verta forstyrra av desse.
Når transformasjonen er ferdig, vel baneverktøyet igjen og klikk på den endra banen for å kunne arbeide vidare på den.