Innhald
Før eller seinare vil du ha behov for å plassera eitt eller anna svært nøyaktig på biletet ditt. Dette er vanskeleg å få til med vanleg datamus. Litt lettare dersom du brukar piltastane, som normalt flytter markøren eitt biletpunkt om gongen, eller 25 punkt om du samstundes held nede Shift-tasten. For å gjera dette arbeidet litt enklare, er det lagt inn to hjelpemiddel i GIMP: rutenett og hjelpelinjer.
I kvart bilete er det alltid eit rutenett. Det er der alltid, men er i utgangspunktet ikkje synleg. Du kan gjera det synleg ved å gå til hovudmenyen og klikka Biletvindauge. (Legg merke til at det er to innstillingar, ei for normalskjerm og ei for full skjerm).
→ . Dersom du til vanleg helst vil arbeida med synleg rutenett, kan du endra standardoppførselen ved å merkja av for «Vis rutenett» iDet vanlege rutenettet, slik du sette det opp då du installerte GIMP, er bygd opp med heiltrukne linjer med ein avstand på 10 pikslar i kvar retning, dvs. vassrett og loddrett. Du kan tilpassa dette ved å gå inn på sida Standard rutenett i brukarinnstillingane. Ønskjer du å endra innstillingane berre for det biletet du arbeidar på nett no, kan du gå inn på → i menyen for biletvindauget for å få opp dialogvindauget Still inn rutenettet ….
Rutenettet er ikkje nyttig berre til hjelp når du skal fastsetja avstandar og samsvar mellom ulike biletdelar, det kan også brukast for å justera ting nøyaktig ved å slå av eller på Brukarinnstillingar i hovudmenyen og vidare til «Standard rutenett». Dei fleste ser likevel ut til å vera nøgde med dei førehandsinnstilte 8 pikslar. Ver klar over at det er råd å festa til rutenettet sjølv om dette ikkje er synleg. Kanskje vanskeleg å sjå kvifor du ønskjer det slik, men det er altså mogeleg.
→ i hovudmenyen: dette får peikaren til å festa seg perfekt til eit rutenett som er innføre ein viss avstand. Du kan bestemma kor nære du må vera ei linje før dette vert slått på ved å gå inn påNotat | |
---|---|
For å laga eit rutenett som er ein del av biletet, bruk programtillegget Rutenett. |
I tillegg til rutemønsteret kan du i GIMP også bruka hjelpelinjer for å plassera biletelement. Dette er vassrette og loddrette linjer som vert lagt midlartidig på biletet medan du arbeidar med det.
Du hentar fram ei hjelpelinje ganske enkelt ved å klikka på ein av linjalane i biletvindauget og halde nede
medan du dreg hjelpelinja til ønskt plass. Hjelpelinja følgjer musepeikaren som ei blå prikkelinje. Når hjelpelinja er oppretta, vert flytteverktøyet slått på og musepeikaren viser flyttesymbolet.Har du behov for å plassera hjelpelinja meir nøyaktig, kan du bruka ein av kommandoane Ny hjelpelinje, Ny hjelpelinje (i %) eller Ny hjelpelinje frå utval.
Du kan laga så mange hjelpelinjer som du ønskjer, og du kan plassera dei kvar som helst i biletet. Du kan også flytta ei hjelpelinje etter at du har laga ho, men då må du anten slå på flytteverktøyet i verktøykassen eller trykkja M-tasten. Klikk og dra på kryssingspunktet mellom to hjelpelelinjer for å flytta begge samstundes. Du slettar ei hjelpelinje ved å dra ho utføre biletet. Held du nede Shift-tasten kan du flytta alt utanom hjelpelinjene.
Eigenskapane til hjelpelinjene er avhengig av kva Flytt-modus som er sett for flytteverktøyet. Med modus sett til Lag, vil musepeikaren visa ei lita hand når han kjem nær nok ei hjelpelinje. Hjelpelinja vert raud for å visa at ho er i bruk. Du kan no flytta hjelpelinja eller fjerna ho ved å flytta ho inn til ein av linjalane. Dersom flyttemodus er sett til Utval kan du ikkje flytta hjelpelinja etter at ho er plassert på biletet.
Som med rutenettet, kan du også festa peikaren til nære hjelpelinjer. Bruk
→ i hovudmenyen. Har du så mange hjelpelinjer at det vert vanskeleg å finjustera biletet, kan du gøyma hjelpelinjene ved å avmarkera → . Du bør gjera hjelpelinjene synlege att så snart du kan, elles er det lett å verta forvirra neste gong du prøver å lage ei hjelpelinje og ikkje ser noko som skjer i det heile.Dersom du meiner det normalt er enklare å arbeida utan synlege hjelpelinjer, kan du slå dei av permanent ved å avmarkera «Vis hjelpelinjer» i Biletvindauge i hovudmenyen. Kanskje ikkje særleg lurt å gjera dette, men det er altså mogleg.
Du kan fjerne hjelpelinjene med menyvalet
→ → .Notat | |
---|---|
Anna bruk av hjelpelinjer: Programtillegget giljotin kan bruka hjelpelinjene for å dela opp eit bilete i fleire mindre bilete. |