Denne sida let deg tilpassa standardinnstillingane for å festa eit bilete til hjelpelinjene. Innstillingane kan setjast kvar for seg for normalmodus og fullskjermmodus.
Innstillingane her kan overskrivast av kommandoane i Visingsmenyen.
Dei følgjande festeinnstillingane kan justerast. Me viser til dokumentasjonen i visingsmenyen for nærare detaljar.
Fest ti hjelpelinjer. Dette er den einaste måten som kan setjast som standard.
Festeavstand er kor nærme eit element må vera (i pikslar) for at festinga skal skje. Standard er 8 pikslar. Valområdet går frå 0 til 255.