Denne sida vert brukt for å endra nøkkelmodifikatorane for dei tilgjengelege knappane på inndataeiningane (mus, nål osv.) med unnatak for primørknappen. Dette kan brukast for å endra handlingane som vert utførte på lerretet når ein bestemt knapp vert brukt saman med tastemodifikatorane.
Tast
Klikkar du på ein av desse knappane med ein av knappane på inndataeininga (unnateke primørknappen), gjer at du kan kva denne kommandoen gjer når han vert brukt.
Når du klikkar på denne, vert det vist ei liste over dei gjeldande kommandoane som er knytte til kvar av modifikatorane for knappane du klikka på. Berre modifikatorar som er kopla til ein kommando vert viste. Du kan leggja til eit nytt element i lista ved å klikka på knappen under lista, eller fjerna ein modifikator ved å klikka på knappen til høgre for kvart element.
Du kan endra kva ein modifikator gjer ved å trykkja på lista for å få fram alle tilgjengelege alternativ. Du endrar kva modifikatoren gjer ved å trykkja i modifikatorkolonnen til venstre med og trykkja modifikatoren eller modifikatorane du vil bruka. Det er lov å bruka fleire modifikatorar, for eksempel Shift + Ctrl + midtre museknapp (vist som knapp 2 i System Aggregated Pointer), som er som standard kopla til Roter visinga i 15 graders steg.
Trykk på denne knappen for å setja alle modifikatorane for inndataeiningane tilbake til standardverdiane.