På denne sida kan du tilpassa innstillingane for eksport og import av bilete.
Importpolicy
Når denne er slått på, vert presisjon for alle importerte bilete endra til32-bits desimalpresisjon.
Når dei førre innstilingane er slått på, vil denne innstillinga gjera at du kan velja om utjamning skal brukast når eit bilete med lågare presisjon vert omforma til 32-bits desimalpresisjon.
Når denne er slått på, vert det lagt til ein alfakanal automatisk til alle importerte bilete som ikkje har ein alfakanal. Dette kan vera nyttig viss du ofte har bruk for ein alfakanal når du arbeider med bileta.
Når du opnar eit bilete med innebygd fargeprofil, kan du her velja kva som skal gjerast. Sjå Oppførsel ved opning av fila i fargehandsaming.
Når du opnar eit bilete med metadata om rotering, kan du her velja kva som skal gjerast.
Spør om kva som skal gjerast Dette er standard. Kvar gong du opnar eit bilete med metadata om rotering, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan velja å rotera biletet eller ikkje i høve til metadataa.
Forkast metadata utan å rotera Vel du denne, vert metadataa ignorerte når bilete vert opna.
Roter biletet og så forkast metadataa Når du vel dette, vert biletet alltid rotert i høve til metadataa når det vert opna. Når dette er gjort, vert metadataa om rotering fjerna og erstatta med standardverdiar for rotering.
Eksport-policy
Notat | |
---|---|
Den følgjande eksportpolicyen definerer standard-verdiane for å eksportera eit bilete. Dei fleste formata har dialogvindauge for eksport der du kan definera relevante innstillingar for kvart spesifikke format. Desse innstillingane vert hugsa mellom alle oppstartane. Ikkje alle biletformata har støtte for alle innstillingane nedanfor. Dei er berre relevante for dei formata som støttar innstillingane. Det er greit å være klar over implikasjonane av å inkludera visse metadata. Metadata kan innehalda sensitiv personleg informasjon som du kanskje vil sjå før du bestemmer deg for å inkludera dei eller ikkje. Eksempel er GPS-metadata som kan visa ei nøyaktig plassering, eller namn og adresse til skaparen av biletet. |
Når denne er slått på, vert standarden for eksport av biletet å ta med fargeprofilen.
Når denne er slått på, vert merknadane inkluderte som standard ved eksport av bilete.
Når denne er slått på, vert standarden for eksport av biletet å ta med miniatyren.
Når denne er slått på, vert Exif metadata inkluderte som standard ved eksport av bilete.
Når denne er slått på, vert XMP metadata inkluderte som standard ved eksport av bilete.
Når denne er slått på, vert IPTC metadata inkluderte som standard ved eksport av bilete.