8.9. Lysstyrke kontrast

Verktøyet «Lysstyrke kontrast» justerer nivået for lysstyrke og kontrast i det gjeldande laget eller utvalet. Dette verktøyet er enkelt å bruka, men relativt lite sofistikert. Verktøya «kurve» og «nivå» kan gjera dei same justeringane, men gjev deg også høve til å handsama lyse fargar annleis enn mørkare fargar. Generelt vert «Lysstyrke kontrast» brukt for å gjera raske justeringar, men viss biletet er viktig for deg og du ønskjer at det skal sjå best mogleg ut, er nok eit av dei andre verktøya betre.

[Tips] Tips

I tillegg til å bruka glidebrytarane, kan du også justera innstillingane ved å klikka ine i biletet og dra medan du held nede museknappen. Flytt musepeikaren loddrett for å endra lysstyrken, og vassrett for å endra kontrasten. Når du er ferdig, kan du anten trykkja OK-knappen eller Retur på tastaturet.

8.9.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen: FargarLysstyrke-kontrast ….

  • Ved å klikka på verktøyikonet i verktøykassa viss dette verktøyet er installert der. SjåDel 6.13, «Verktøykassen» for meir om dette.

8.9.2. Innstillingar

Figur 16.129. Dialogvindauget for «Lysstyrke kontrast»

Dialogvindauget for «Lysstyrke kontrast»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Lysstyrke

Denne glidebrytaren set ein negativ (til mørkare) eller positiv (til lysare) verdi for lysverdien slik at lyse toner vert auka eller minska.

Kontrast

Denne glidebrytaren set ein negativ (for å minska) eller positiv (for å auka) verdi for konrasten.

Rediger desse innstillingane som nivå

For å gjera arbeidet enklare for deg, let denne knappen deg byta til verktøyet Nivå med dei same innstillingane.

Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».