6.13. Verktøykassen

Figur 15.80. Brukarinnstillingane for verktøykassen

Brukarinnstillingane for verktøykassen

Her kan du i avgrensa grad bestemma utsjånaden til verktøykassen. Du kan slå av eller på visinga av ein del informasjonar viste nederst i verktøykassen.

6.13.1. Innstillingar

Figur 15.81. Normalinnstillingane

Normalinnstillingane

Utsjånad

Vis GIMP-_logoen (dra og slepp)

Du kan klikka og dra og sleppa eit biletet frå ein filutforskar inn i dette området (1) eller på eit verktøyikon (2) for å opna det.

Vis forgrunns- og bakgrunnsfargen

Bestemmer om fargeområdet (3) skal finnast i verktøykassen.

Vis gjeldande pensel, mønsterelement og fargeovergang

Bestemmer om området i sentrum (4) med symbolet for pensel, mønsterelement og fargeovergang skal finnast i verktøykassen.

Vis biletet som er i bruk

Bestemmer om det skal visast ei førehandsvising av det gjeldande biletet til høgre (5).

Bruk verktøygrupper

Som standard er verktøya (2) grupperte for å spara plass. Du kan velja eit anna verktøy i gruppa ved å halda peikaren over verktøygruppa eller langklikka på ho. Slå av denne innstillinga om du heller vil ha verktøya kvar for seg.

Sjå også Del 1.2, «Verktøysymbola».

Verktøyoppsettet

I denne lista er verktøya som er tilgjengelege i verktøykassen merkte med eit auge. Verktøy utan auge kan leggjast til i verktøykassen ved å trykkja på den tilsvarande avkryssingsboksen.

Som standard er verktøya grupperte. Du kan

  • Flytt grupper ved å bruka dra og slepp eller pilene nedst i vindauget.

  • Lag ny gruppe ved å bruka Lag ei ny laggruppe nedst i vindauget. Denne laggruppa er tom når ho vert laga.

Endringane vert brukte straks.