Figur 7.14. Tekst konvertert til bane
Teksten er omforma til ein bane og deretter transformert med perspektivverktøyet.
Den same banen som ovanfor, men no streka opp med ein diffus pensel og deretter fylt med fargeovergangen «Yellow Contrast».
Ein tekst som er laga med tekstverktøyet, kan omformast til ein bane ved å bruka kommandoen Bane frå tekst i sprettoppmenyen. Dette kan vere nyttig i mange tilfelle, inkludert:
Streka opp banen. Gjev deg høve til å laga tekstar med overraskande effektar.
Kanskje den viktigaste bruken er å omforma teksten. Dersom du omformer ein tekst til ein bane og deretter handsamer banen på høveleg måte, og til slutt anten strekar opp banen eller konverterar han til eit utval og fyller dette, vil du som regel enda opp med eit betre resultat enn om du smeltar tekstlaget saman med eit anna lag og omformer det etterpå.
Du kan lata teksten følgja banen ved å bruka kommandoen Tekst langs bane.