4.5. Å streka opp ein bane

Figur 7.12. Oppstrekte banar

Oppstrekte banar

Fire ulike banar frå den øvste illustrasjonen, kvar med ulike strok.


Banar endrar ikkje utsjånaden til biletet utan at dei vert streka opp ved å bruka RedigerStrek opp bane… frå hovudmenyen eller i sprettoppmenyen i dialogvindauget for Banar eller knappen «Strek opp bane» i dialogvindauget for innstillingar for Bane-verktøyet.

Vel du «Strek opp bane» på ein av desse måtane, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma korleis oppstrekinga skal sjå ut. Som du ser på figuren, har du mange val. I tillegg kan du bruka alle teikneverktøya.

Figur 7.13. Dialogen for Strek opp bane

Dialogen for Strek opp bane

Sjå Del 3.19, «Strek opp banane» for meir informasjon.


Du kan teikna opp ein bane fleire gonger og med ulike verktøy og verktøyinnstillingar.