SVG, som står for «Scalable Vector Graphics», er eit populært filformat for vektorgrafikk, der grafiske element er representert i eit format som ikkje er avhengig av biletoppløysinga. Dette i motsetnad til rastergrafikk, der grafiske element er representert som matriser av pikslar. GIMP er i hovudsak basert på rastergrafikk, men banane vert laga som vektorgrafikk.
Heldigvis er stiar representerte i SVG-filer på nesten nøyaktig same måte som dei er representerte i GIMP. Denne kompatibiliteten gjer det mogleg å lagra GIMP-banar som SVG-filer utan å mista informasjon. Du kan få tilgang til denne funksjonen i dialogvindauget Banar.
Det betyr også at GIMP kan laga banar frå SVG-filer som er lagra i andre program, for eksempel Inkscape, eit populært vektorgrafikkprogram med open kjeldekode. Dette er fint fordi dedikerte vektorredigeringsprogram har mykje kraftigare banehandsamingsverktøy enn GIMP har. Du kan importera ein bane frå ei SVG-fil ved å bruka dialogvindauget «banar».
Dette betyr også at GIMP kan laga banar frå SVG-filer laga i andre bilethandsamingaprogram. To gode såkalla «open-source program» spesiallaga for å arbeida med vektorgrafikk er [INKSCAPE] og Sodipodi. Desse to programma har betre og kraftigare banehandsaming enn GIMP. Du kan importera SVG-filer via fanemenyen i banedialogvindauget ( ). Sjå eventuelt også Del 2.3, «Banedialogvindauget».
Notat | |
---|---|
I tillegg til å handsama banar i SVG-format, kan GIMP også opna SVG-filer som GIMP-bilete på vanleg måte. |