Kvart av Transformeringsverktøya (Roter, Skaler, Perspektiv, osv.) kan setjast til å verka på eit lag, eit utval eller ein bane. Vel transformeringsverktøyet i verktøykassen og vel deretter
-lag,
-utval eller
-bane for Transformer-alternativet i dialogvindauget for verktøyvala. Dette gjevg ei kraftig sett med metoda for å endra ormene på banar utan å påverka andre element i biletet.
Som standard vil eit transformerings-verktøy, når det er sett til å påverka banar, verka berre på den aktive banen som vert vist utheva i banedialogvindauget. Du kan transformera fleire banar samstundes ver å merkja fleire banar. Dette gjer du ved å halda nede Shift-tasten for å leggja til eit område av banar, eller Ctrl-tasten for å leggja til eller fjerna banen du klikkar på.