2. Tekst

2.1. Å leggja til skrifttypar

GIMP brukar skriftmotoren FreeType 2 for å teikna skriftene og eit system kalla Fontconfig for å handsama dei. FreeType 2 har støtte for mange vanlege skriftfilformat. I tillegg kan du leggja til modular for å støtta andre typar skriftfiler. Sjå FREETYPE 2 [FREETYPE] for meir informasjon.

Alle skriftene i stien til Fontconfig er tilgjengelege i GIMP. I tillegg er alle skrifttypane som er plasserte i GIMP sine skriftmapper tilgjengelege i GIMP. Skriftmappene vert sette i Skrifter-sida i Mappe-preferansane. Som standard er det to skriftmapper: GIMP-skriftene i systemet (som du ikkje bør endra) og ei skrift-mappe i den personlege GIMP-katalogen. Du kan også leggja til fleire skriftmapper om ønskjeleg.

  • Linux:

    Du kan installera skrifttyper på mange måtar:

    • Bruka eit program som GNOME Fonts eller KFontView for å installera skriftene.

    • Leggja inn skriftfilene i mappa ~/.local/share/fonts/. Dette gjer skrifttypane tilgjengelege berre for deg.

    • Viss du har administrasjonsrettar, legg skriftfilene i mappa /usr/local/share/fonts/. Dette vil gjera skriftfilene tilgjengelege for alle brukarane.

    I alle filfella vil dette gjera skriftene tilgjengelege for alle program som brukar Fontconfig.

  • Microsoft Windows:

    Det er fleire måtar å installera ein skrifttype på heile systemet:

    • Dra skriftfila inn i skriftmappa C:\Windows\Fonts.

    • Installer skrifttypen via Windows Kontrollpanel. I Windows 7 og Windows 10, gå til KontrollpanelSkrifter. I Windows 8.1, gå til KontrollpanelUtseende og personaliseringSkrifter.

    Korleis WIndows handsamar skrifttypar varierer med versjonen. Viss du får problem, spør i eit Windows-forum.

  • Mac OS X

    Installera skrifttypen ,ed programmet Font Book.

Den installerte skrifttypen vil dukka opp neste gong du opnar GIMP. Vis du vil sleppe å starta GIMP på nytt, trykk knappen Oppdater i dialogvindauget Skrifter.

[Notat] Notat

Viss du av ein eller annan grunn støyter på problem når du installerer ein skrifttype for heile systemet, prøv å installera skriftene i mappa fonts i den private GIMP-mappa (sjå ovanfor).

Det kjem stendig til nye skrifttypar. Det er difor fornuftig å stikka innom sida «Fonts in GIMP 2.0» [GIMP-FONTS] på GIMP si nettside.