Kapittel 2. Opna GIMP

Innhald

1. Starthjelp
1.1. Å byta språk
1.2. Argument i kommandolinja
1.3. Konfigureringsmapper
1.4. Tips og triks

1. Starthjelp

Som oftast opnar du GIMP anten ved å trykkja på GIMP-ikonet på skrivebordet (viss tilgjengeleg) eller ved å skriva gimp på ei kommandolinje. Viss du har fleire versjonar av GIMP installert, kan det hende du må skriva nøyaktig versjonsnummer : gimp-3.0.

Viss du vil, kan du gje ei liste med namn på biletfiler på kommandolinja etter programnamnet slik at GIMP opnar desse filene automatisk etter opninga av programmet. Det er også mogleg å opna filer frå GIMP når programmet køyrer ved å bruka Opna biletdialogvindauget.

Dei fleste operativsystema har ein eller annan måte for å tilordna filklassar, kjenneteikna ved filnamnutvidingane som t.d. «.jpg», til bestemte program, som t.d. GIMP. Du kan altså stilla inn programmet slik at når du dobbeltklikkar på ei biletfil i filutforskaren, vert dette biletet opna i GIMP.

Viss du installerte flatpakkeversjonen av GIMP frå flathub.org, opnar du GIMP anten ved å klikka på eit ikon eller ved å skriva flatpak run org.gimp.GIMP//stable på kommandolinja.

1.1. Å byta språk

GIMP vil bruka det språket datamaskinen er sett opp med. Dersom GIMP av ein eller annan grunn ikkje finn språket, eller dersom du ønskjer å bruka eit anna språk, kan du gjera dette frå Grensesnitt: RedigerBrukarinnstillingar og så gå til Grensesnitt og setja ønskt språk i Språk.

Viss du helst vil endra språk ved å bruka miljøvariablar, kan du bruka:

Under Linux

I LINUX: i «console mode», skriv du LANGUAGE=xx GIMP eller LANG=xx gimp der du byter ut «xx» med koden for det språket du ønskjer (nn for nynorsk, nb for bokmål for eksempel). Bakgrunn: LANGUAGE=xx set ein omgivnadsvariabel («environment variable») for programmet gimp.

Under Windows

Knappen KontrollpanelSystemAvansertOmgjevnadar i området «Systemvariablar» knappen Legg til: Skriv LANG for Namn og fr, de, etc. for verdi. Pass på! Du må trykkja OK tre gongar for å validera valet.

Dersom du ofte skiftar språk, kan du laga ei «batchfil» for dette. Opna Notisblokk el. l. program og skriv inn følgjande (for fransk):

set lang=fr
start gimp-3.0.exe

Lagra denne fila som GIMP-FR.BAT (eller eit anna namn, men alltid med filutvidinga .BAT). Lag ein snarveg til fila på skrivebordet. Som dei fleste andre program, brukar også GIMP språkkoden «nb» for bokmål og «nn» for nynorsk. («no» er ikkje språkkode, men koden for landet Noreg).

Under Apple macOS

Frå Systeminnstillingar klikk Generelt på sidestolpen. Deretter vel du Språk og Region. Det ønskte språket skal vera først i lista.

Ei anna utgåve av GIMP

Du kan køyra fleire versjonar av GIMP samstundes ved å bruka -n i kommandolinja. For eksempel vil gimp-3.0 opna GIMP i systemspråket og LANGUAGE=en gimp-3.0 -n på engelsk. Dette kan vera nyttig for omsetjarar.

1.2. Argument i kommandolinja

Det er ikkje nødvendig å bruka argument når du opnar GIMP, men dei kan vera nyttige i bestemte høve. I eit Unix-system kan du bruka man gimp for å lista ut alle argumenta.

Argumenta i kommandolinja må skrivast inn i kommandoen du brukar for å opna GIMPsom gimp-3.0 [OPTION...] [FILE|URI...], der «OPTION...» kan vera eitt eller fleire av argumenta lista nedanfor etterfylgd av eitt eller fleire filnamn.

-?, ,-h, --help

Vis ei liste over alle kommandolinjevala.

--help-all

Vis alle hjelpvala.

--help-gegl

Vis alle GEGL-innstillingane.

--help-gtk

Vis alternativ for GTK+.

-v, --version

Skriv kva for versjon av GIMP som er i bruk, og slutt av programmet.

--license

Vis lisensinformasjon og slutt av.

--verbose

Vis detaljerte oppstartmeldingar.

-n, --new-instance

Start ei ny økt av GIMP.

-a, --as-new

Opna bilete som nytt.

-i, --no-interface

Køyr utan brukargrensesnitt.

-d, --no-data

Ikkje last inn mønsterelement, fargeovergangar, palettar eller penslar. Kan vera nyttig i ikkje-interaktive situasjonar der oppstarttida skal vera kortast råd.

-f, --no-fonts

Ikkje last inn nokon skrifttypar. Dette kan korte ned oppstarttida for GIMP når skripta ikkje brukar skrifttypar. Kan også vera nyttig for å finna skrifttypar med feil som gjer at GIMP stoppar opp.

-s, --no-splash

Ikkje vis oppstartskjermen.

--no-shm

Ikkje bruk delt minne mellom GIMP og programtillegga.

--no-cpu-accel

Ikkje bruk funksjonar for å auke farten på CPU. Kan vera nyttig for å finna eventuelle feil i slik programvare eller utstyr.

--session=namn

Bruk ei anna sessionrc-fil for denne GIMP-økta. Det gjevne «session name» vert lagt til det normale sessionrc-filnamnet.

-g, --gimprc=filnamn

Bruk ei alternativ gimprc-fil i staden for den vanlege. gimprc-fila inneheld data om innstillingane dine. Kan vera nyttige når banane til programtillegga eller maskinoppsettet er endra.

--system-gimprc=filenamn

Bruk ei alternativ system-gimprc-fil.

-b, --batch=kommandoar

Utfør kommandosettet «non-interactively». Kommandosettet er typisk eit skript som vert utført av ei av GIMP sine skriptutvidingar. Dersom du brukar kommandoen -, vert kommandoane lesne frå standarinngangen.

--batch-interpreter=proc

Prosedyren som vert brukt for å køyre mengdetolkarane (batch kommandoane). Denne er normalt sett til Script-Fu.

--avslutt

Avslutt straks etter å ha utført førespurde handlingar

-c, --console-messages

Ikkje vis dialogboksar ved varsling av feil. Skriv meldingane til konsollen i staden.

--pdb-compat-mode=modus

PDB kompatibilitetsmodus (off|on|warn)

--stack-trace-mode=mode

Feilfinning i tilfelle krasj (never|query|always)

--debug-handlers

Slå på signalhandsamarar for ikkje-fatale feil. Vert brukt for å finna feil i GIMP.

--g-fatal-warnings

Gjer alle åtvaringane fatale. Vert brukt for å finna feil i GIMP.

--dump-gimprc

Vis ei gimprc-fil med normalinnstillingane. Kan kome til nytte dersom du rotar til gimprc-fila.

--show-playground

Vis ei preferanseside med eksperimentelle funksjonar.

--display=display

Bruk X visning (gjeld ikkje på Microsoft Windows).

1.3. Konfigureringsmapper

Første gongen du brukar GIMP, går programmet gjennom fleire steg for å setja opp diverse filkatalogar og oppsettsinnstillingar. Oppsettet lagar oppsettmappa GIMP som kan skrivast til av brukaren. Denne mappa får også undermappa GIMP/3.0. All informasjonen om dei ulike innstillingane du gjer vert lagra her. Dersom du fjernar denne mappa, eller gjev ho eit nytt namn, vil GIMP gå gjennom oppstartsprosedyrane på nytt neste gong, og lage ei ny GIMP/3.0-mappe. Du kan utnytta dette dersom du ønskjer å utforska ulike innstillingar utan å øydeleggja det eksisterande oppsettet, eller dersom du skulle hamne så ettertrykkeleg i suppa at alt må gjerast om att.

Kvar oppsettsmappa vert lagra er avhengig av operativsystemet:

Under Linux

$XDG_CONFIG_HOME (standardisert til $HOME/.config),

Under Windows

%APPDATA% (som oftast c:\Users\USERNAME\AppData\Roaming\GIMP\3.0\);

Under Apple macOS

NSApplicationSupportDirectory (til vanleg ~/Library/Application Support).

1.4. Tips og triks

Berre eit par forslag før du byrjar:

  • GIMP kan gje tips du kan lesa når som helst ved å bruka menykommandoen HjelpDagens tips. Tipsa gjev informasjon som vert sett på som nyttige, men som det ikkje er lett å lære ved å eksperimentera, så dei er verdt å lesa. Les tipsa når du har tid.

  • Viss det hender at du prøver å gjera eitt eller anna og GIMP ser ut til å ha stopp å fungera, kan det henda du finn hjelp i Problemløysing.

  • Ikkje gløym å kontrollera brukarinnstillingane. Det er lett å tilpassa GIMP ved å justera mange av innstillingane etter eigne ønskje.