Kommandoen
gjer at pikslane som er utanfor lerretet og såleis normalt ikkje er ein del av biletet, også vert synlege. Dette gjer at du kan dra nye lag og bilete mellombels utføre lerretet for å arbeida på dei.Når du nettopp har opna eit bilete er lerretet like stort som biletet. Brukar du «Vis alt» skjer det sjølvsagt ingenting sidan ingen pikslar er utføre lerretet. Så forstørr laget med skaleringsverktøyet.
Denne standardoppførselen for «Vis alle» vert slått av når du opnar eit nytt biletvindauge. Dette kan endrast i innstillingane for biletvindauge ved å endra standarden for «Vis alle».
Når det ikkje er merkt av for «Vis alt», er pikslar utføre lerretet ikkje synlege.
Når det er merkt av for kommandoen, er alle pikslane utføre lerrretet synlege viss laget er stort nok. Du kan sjå:
Grensa for lerretet vert vist med ei raud prikkelinje. Du kan teikna utføre lerretet heilt ut til laggrensene. Endringar du gjer utføre lerretet vert ikkje eksporterte med mindre du førstørrer lerretet med Lerretstorleiken.
Laggrensene vert viste med ei gul prikkelinje.
Eit stort sjakkbrettmønster indikerer at det er ingen pikslar.
Sjakkbrettområdet er uendeleg: uavhengig av storleiken på biletvindauget, så held det fram vidare.
Me vil klona frå eit nytt bilete inn i biletet.
Opna biletet, merk av for «Vis alt» og forstørr laget.
Opna det nye biletet. Det vert laga eit nytt lag for dette nye biletet. Klikk og dra det nye laget over i biletet. Bruk flytteverktøyet for å flytta det nye laget utføre lerretet.
Gjer det nye laget gjeldande (aktivt). Bruk kloneverktøyet og Ctrl-klikk på det nye biletet for å gjera det til kjelda for kloninga.
Gjer biletlaget til det gjeldande laget. Teikna på biletet for å klona kjelda. Du vil sjå at pikslar i sjakkbrettområdet vert klona.