4.6. Skalering

Dette verktøyet vert brukt til å skalera, dvs. å forstørra eller forminska lag, utval, banar og bilete alt etter kva innstillingar som er brukte for transformeringa.

Når du trykkjer på biletet med Lupe-verktøyet, vert dialogvindauget for skalering opna slik at du kan endra Breidd og Høgd. Når kjedeikonet er lukka, vil justering av ein av dei også justera den andre i prosentvis same forhodet. Viss du ikkkje ønskjer dette, trykk på kjedeikonet for å slå av denne synkroniseringa. Standard måleeining er pikslar, men du kan endra dette ved å trykkja på nedtrekkslista ved sida av kjedeikonet.

Samstundes vert det lagt ei førehandsvising (med mindre ho er slått av i verktøinnstillingane) på objektet og det vert viste handtak på hjørna og kantane som du kan klikka og dra for å endra storleiken. I midten kan ein firkant med eit kryss inni brukast for å flytta førehandsvisinga.

4.6.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaSkaler.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Med tastatursnarvegen Shift + S.

4.6.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Hald nede Shift-tasten for å slå av og på Fast sideforhold.

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å slå av og på >Rundt midten.

4.6.3. Verktøyinnstillingar

Figur 14.103. Innstillingane for «Skalering»

Innstillingane for «Skalering»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.

Transformer, Retning, Interpolering, Klipping, Vis førehandsvising av biletet, Hjelpelinjer
[Notat] Notat

Transformasjonen verkar berre på det gjeldande laget. Ønskjer du å skalere alle laga, brukar du skaler biletet i staden.

Sjå Transformera banar for å sjå korleis du kan skalera ein bane.

Uendra proporsjonar (Shift)

Dersom denne funksjonen er slått på, vil forholdet mellom breidd og høgd heile tida vere det same som i det opphavlege laget eller utvalet når du flyttar på eit hjørne. Funksjonen verkar ikkje på sidehandtaka. Legg merkje til at funksjonen også påverkar lenkinga mellom høgd og breidd i dialogvindauget.

Rundt midtpunktet (Ctrl)

Når dette valet er slått på, kan du skalera frå midten, radielt viss «Uendra proporsjonar» er slått på, elles vassrett og loddrett.

4.6.4. Dialogvindauget for innstillingane for skalering

Figur 14.104. Dialogvindauget for innstillingane for skalering

Dialogvindauget for innstillingane for skalering

Width, Height

Viser gjeldande breidd og høgd for skaleringa. Du kan skriva nye tal i rutene for å forandra skaleringa. Den vanlege måleeininga er pikslar, men dette kan du forandra i nedtrekkslista. Dersom lenka til høgre for rutene er broten, kan du skriva inn breidd og høgd uavhengig av kvarandre.

Knappen «Justera på nytt»

Med denne knappen kan du setja transformeringshandtaka tilbake til den opphavlege forma utan å endra det gjeldande transformerings- og forstørringsnivået. Dette gjer at du kan utføra meir komplekse transformeringar ved å transformera i fleire steg.