5.4. Punkt for punkt

Kommandoen Punkt for punkt slår modus «Punkt for punkt» av og på. Dersom han er på, dvs. merkt i ruta framføre namnet, og forstørringsfaktoren er sett til 100%, vert kvar piksel i biletet vist som ein piksel på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av, vert biletet vist i verkeleg storleik, altså så stort som det vert i utskrift.

Eksemplet under viser dette. Følgjande val er gjort for biletet:

For at dette skal vere tilfelle, må oppløysinga til skjermen vere den same som for biletet. Dette bestemmer du i menyen for brukarinnstillingar.

Du bør ha denne metoden slått på når du arbeidar med ikon og skjermgrafikk, t.d. for Internett. Når du arbeidar med bilete som skal skrivast ut, er det enklare å slå av Punkt for punkt.

5.4.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via VisPunkt for punkt.