3.24. Einingar

Einingshandsamaren viser ei liste med informasjon om kva for måleeiningar som er i bruk i GIMP. Du kan også leggja inn nye måleeiningar som kan brukast i GIMP.

3.24.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerEiningar.

3.24.2. Beskriving av dialogvindauget for «Einingshandsamaren»

Figur 16.19. Dialogvindauget for «Einingshandsamaren»

Dialogvindauget for «Einingshandsamaren»

Lista viser kva for måleeiningar som for tida er definerte.

Beskriving av listeelementa

  • Lagra: Dersom du har kryssa av her, vert einingsdefinisjonen lagra når du sluttar av GIMP. Dei einingane som er utheva med farge øvst på lista vert alltid lagra. Du kan ikkje fjerna merkinga av desse.

  • Namn: Strengen GIMP brukar for å identifisera eininga i oppsettfila.

  • Faktor: Kor mange einingar som må til for å få ein inch (engelsk tomme = 25,4 mm).

  • Siffer: Dette vert brukt i felt for innskriving av tal, og viser kor mange desimalar eininga må ha for å verta like nøyaktig som ein «inch» skrive med to desimalar.

  • Symbol: Vert brukt berre dersom det finst eit eige symbol for eininga, som t.d. " for tommar. Elles vert den vanlege forkortinga for eininga brukt.

  • Forkorting: Den vanlege forkortinga for eininga. (T.d. «cm» for centimeter).

3.24.3. Å definera nye einingar

Figur 16.20. Dialogvindauget for «Legg til ei ny eining»

Dialogvindauget for «Legg til ei ny eining»

Å leggja til den nye eininga «wilbers»


Trykk på Ny-knappen eller Dupliser-knappen for å opna dialogvindauget vist ovanfor. Inndatafelta i dialogvindauget er omtalte i den førre bolken.

Dersom du klikkar på Ny-knappen, er dei fleste innskrivingsfelta tomme. Trykkjer du Duplikat-knappen kjem dialogvindauget opp ferdig utfylt med verdiane frå den eininga du har markert i Einingshandsamaren. Du kan redigera verdiane etter behov for å laga ei ny eining.