Filformatet BMP er eit rasterbiletformat mest brukt av Windows.
Når denne er slått på, vert det brukt «run-length»-koding for å komprimera dataa. Innstillingane er tilgjengelege berre for indeksert bilete og bilete i gråtoner. Er slått av for andre format.
Normalt skriv GIMP inn informasjon om fargerommet, men ikkje alle programma kan lesa BMP-bilete med denne informasjonen innebygd. Om ønskjeleg, kan du slå av denne informasjonen her.
Denne innstillinga styrer eksportformatet for RGB-bilete. Det er slått av for indekserte bilete og bilete i gråtone. Du har desse vala:
Pikslane vert skrivne som 16-bit: 5 raude, 6 grøne og 5 blå bit.
Pikslar vert skrive som 16 bit: 1 alfa, 5 raud, 5 grøn og 5 blå bit.
Pikslar vert skrive som 16 bit: 1 udefinert, 5 raud, 5 grøn og 5 blå bit.
Pikslar vert skrive som 24 bit: 8 raud, 8 grøn og 8 blå bit.
Pikslar vert skrive som 32 bit: 8 alfa, 8 raud, 8 grøn og 8 blå bit.
Pikslar vert skrive som 32 bit: 8 udefinert, 5 raud, 8 grøn og 8 blå bit.