AVIF står for «AV1 Image File Format». Det er ein filformatspesifikasjon for å lagra bilete eller biletsekvensar i komprimert AV1 i HEIF behaldarformat.
I følgje testar viste AVIF betre komprimeringseffektivitet enn JPEG, og betre bevaring av detaljar, færre blokkerande teiknefeil (artefaktar) og mindre fargebløding rundt harde kantar i samansetjingar av naturlege bilete, tekst og grafikk. Dei fleste nettlesarane støttar AVIF.
Meir informasjon (på engelsk) i Wikipedia.
Når denne er merkt av, vert biletet eksportert med tapsfri kompresjon. Dett gjev høgare kvalitet, men fila vert større.
Viss det ikkje er merkt av for Tapsfri, bestemmer denne verdien kvaliteten på komprimeringa. 100 er den beste kvaliteten med lågast komprimering, medan 0 er den høgaste kompresjonen med dårlegast kvalitet.
Definerer kva pikselformat det eksporterte biletet skal bruka for fargemellomsteg. Det er tre alternativ:
Høver for fotografi med tapskomprimering. Dette formatet er mest kompatibelt med andre program som brukar HEIF og AVIF.
Når brukt med ein høg Kvalitet, vert biletet eksportert som eit visuelt tapsfritt bilete.
Nyttig for å eksportera bilete tapsfritt.
RGB er ikkje tilgjengeleg ved eksport i HEJ2.
Bestemmer om biletet skal lagrast med 8 bit, 10 bit eller 12 bit per fargekanal.
Avveginga mellom fart og kompresjon. Sakte vil gje mindre filstorleik, men tek meir tid å koda.
Viss merkt, vert fargeprofilen innebygd i det eksporterte biletet.
Viss merkt, vert Exif metadata innebygd i det eksporterte biletet.
Viss merkt, vert XMP metadata innebygd i det eksporterte biletet.