Du kan eksportera biletet i PDF-format når du vel «.pdf»-utvidinga, eller vel filtypen «Portable Document Format» i vindauget for eksport.
Når denne er merkt, vert det laga ei side for kvart lag i biletet, nedanfrå og oppover. Denne innstillinga er ikkje tilgjengeleg om det er berre eitt lag i biletet.
Når denne er merkt, vert siden laga i omvendt rekkjefølgje, ovanfrå og nedover.
Når dene er merkt, vert berre laga som ikkje er inne i ei gruppe tekne med i sidelaginga. Grupper på rotnivået vert tekne med ved å fletta saman laga inne i dei.
Når denne er merkt av, vert lagmaska brukt før du lagrar. Utdata for PDF-en vert ikkje endra, berre den interne strukturen til PDF-en.
Når denne er merkt, vert vektorgrafikk bruk i staden for punktbilete der det er mogleg.
Når denne er merkt, vert laga der visinga er slått av eller der dekkevna er sett til null ikkje tekne med når sida eller sidene vert oppretta.
Når denne er merkt, vert eventuelle gjennomsiktige område byt ut med bakgrunnsfargen.
Når denne er merkt, vert tekstlaga omforma til rastergrafikk i staden for å takast med som tekst. Dette kan vera nyttig når eksporteringa av PDF ikkje finn skrifttypen. Viss skrifttyypen ikkje er inkludert i PDF-en, er det ingen garanti for at teksten vil sjå ut slik du la han inn.