5.39. Eksporter biletet som PFM

5.39.1. Oversyn

Du kan eksportera biletet i PFM-format når du vel «.pfm»-utvidinga, eller vel filtypen «PFM» i vindauget for eksport.

Dette er ein annan variant av formata Portable Anymap. PFM-formatet lagrar biletet som desimaltal for kvar piksel.

Det er ingen innstillingar å velja mellom. Det vert ikkje opna eit dialogvindauge for eksport. Eksporteringa vil byrja automatisk.