5.53. Eksporter biletet som Playstation TIM

5.53.1. Oversyn

TIM-formatet for Playstation er eit standard biletfilformat for Sony Playstation. Det har støtte for 4- og 8-bit indekserte bilete og 15- og 24-bit bilete i fullt fargeformat.

5.53.2. Innstillingar

Type

Her vel du type TIM-tekstur som skaleksporterast. Vala er:

4BPP (Indeksert)

Eksporter som 4.bit (16 fargar) indeksert bilete.

8BPP (Indeksert)

Eksporter som indeksert 8-bit (256 fargar) bilete.

16BPP (RGB)

Eksporter som 16 bit RGB fargebilete.

24BPP (RGB)

Eksporter som 24 bit RGB fargebilete.

Bilete X, Bilete Y

Dei opphavlege X- og Y-koordinata for biletet.

Palett X, Palett Y

X- og Y-koordinata for paletten. Er berre i bruk når eitt av dei indekserte formata er brukt.