5.52. Eksporter biletet som TIFF

5.52.1. Oversyn

Figur 15.94. Dialogvindauget for TIFF-eksport

Dialogvindauget for TIFF-eksport

5.52.2. Innstillingar

Komprimering

I denne innstillinga kan du setja algoritmen for komprimeringa av biletet.

Ingen

Ingen kompresjon brukt. Rask, utan tap, men fila kan verta svært stor.

LZW

Biletet er komprimert med «Lempel-Ziv-Welch»-algoritmen. Dette er ein effektiv og rask tapsfri teknikk: Meir informasjon på [WKPD-LZW].

Pack Bits

Ein rask, enkel kompresjon for «run-length» koding av data. PackBits-formatet vart introdusert av Apple då MacPaint vart teke i bruk på Macintosh datamaskinen.

Ein PackBits datastraum er sett saman av pakker med 1 bytes header etterfølgd av data. (Kjelde: [WKPD-PACKBITS])

Deflate

Dette er ein algoritme for tapsfri komprimering. Metoden er ei blanding av «LZ77» algoritmen og «Huffman-Koding». Den same metoden vert også brukt i filformata Zip, Gzip og PNG. Kjelde: [WKPD-DEFLATE].

JPEG

Dette er ei svært god, men ikkje tapsfri, komprimeringsalgoritme. Dette er same komprimeringa som vert brukt i JPEG-bilete. Sidan det ikkje er tapsfritt, bør du ikkje bruka det på bilete der kvaliteten er viktig. Denne komprimeringa kan ikkje brukast på indekserte bilete.

CCITT Gruppe 3 faks, CCITT Group 4 faks

Dette er komprimeringsmetodar brukte for telefaks i svart/kvitt.

[Notat] Notat

Desse to komprimeringsmetodane kan berre brukast dersom biletet er indeksert med to fargar. Bruk menyvalet BileteModusIndeksert for å omforma biletet til indeksert med «Bruk svart og kvit (1-bit) palett».

Lagra laga

Når denne er slått på, vert kvart lag lagra som åtskilde sider i TIFF-biletet byrja nedanfrå. Når denne er slått av, vert det samanfletta resultatet lagra.

[Notat] Notat

Ikkje alle program for å visa bilete kan opna meir enn den første sida av eit TIFF-bilete. Sidan det er bakgrunnslaget som vert lagra først, kan det vera betre å slå av denne innstillinga viss programmet du brukar ikkje kan handsama dette.

Klipp laga

Når det er merkt av for Lagra laga, vil dette alternativet, som er slått på som standard, endra storleiken på alle laga til storleiken på biletet. TIFF-bilete kan ikkje ha negative forskyvingar. Dette alternativet let deg importera TIFF på nytt utan å måtta endra posisjonen til lag som hadde ein annan storleik i originalen.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Gjer at fargeverdiane for pikslane vert lagra, sjølv om pikslane er komplett gjennomsiktige.

Eksporter som CMYK

Viss du har sett biletprofilen til CMYK for utskriftsimulering, kan du bruka denne innstillinga for å eksportera biletet med CMYK-profilen. Dette kan av og til vera nødvendig når du skal skriva ut biletet. Trykkeriet vil i tilfelle seia i frå om det trengst.

Viss denne innstillinga er slått av, har du ingen profil for utskriftsimulering for dette biletet. Sjå korleis du set dette i Utskriftsimuleringsprofil.

Namnet på CMYK-profilen som er i bruk vert vist nedanfor innstillingane.

Metadata (rediger)

Du kan trykkja på lenkja «(rediger)» for å opna eit vindauge der du kan endra eller leggja til kva metadata som helst som skal leggjast til i biletet. Merk: Du må likevel slå på dei relevante innstillingane for å lagra metadata lista opp nedanfor.

Innstillingane for metadata i eksportvindauget overskriv standardverdiane sett i Innstillingane for metadataeksport.

Lagra EXIF-data

Når dette valet er slått på, vert alle EXIF metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra IPTC-data

Når dette valet er slått på, vert alle IPTC metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra XMP-data

Når dette valet er slått på, vert alle XMP metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra fargeprofilen

Når dette valet er slått på, vert fargeprofilen lagra i det eksporterte biletet.

Lagra miniatyren

Når dette alternativet er slått på, vert det lagra ein miniatyr som ein del av EXIF-dataa. Dette gjer at fleire Exif-taggar vert lagra sjølv om du har slått av å lagra EXIF metadata.

Lagra Geo TIFF-data

Når dette alternativet er slått på, vert GeoTIFF metadata som finst i originalen lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra merknad

Her kan du slå på å lagra ein merknad som er sett inn i biletet. Merknaden kan skrivast inn i teksboksen nedanfor dette valet.