Dette formatet opprettar X11-musepeikarfiler som kan brukast som musepeikar på X11-plattforma.
Desse eksportformata er ikkje tilgjengeleg i alle plattformene.
Når det er merkt av for denne, vert det lagt til verdiar for lenkjeområde. Desse vert brukte i ikonfilene for å setja plasseringa av ikon-lenkjeområda.
Desse verdiane set X- og Y-koordinata for lenkjeområdet for musepeikaren.
Når det er merkt av for denne, vert alle tome kantar fjerna frå alle rammene.
Her kan du setja standard rammestorleik viss han ikkje er spesifisert. Du kan velja frå 12 pikslar til 64 pikslar, med 32 pikslar som standard.
Når det er merkt av for denne, vert alle rammene, også dei med ein spesifisert storleik, sette til standard rammestorleik.
Dette set standard tidsrom i millisekund som kvart bilete skal gjengjevast.
Når denne er merkt, vert alle rammene, også dei som har ei definert forseinking, sette til å bruka standard forseinking.
Skriv inn informasjonen om opphavsrette her.
Skriv inn lisensinformasjonen her.
Skriv inn ein valfri informasjon her.