5.57. Eksporter biletet som PixMap

5.57.1. Oversyn

Du kan eksportera biletet i XPM-format, som er ei forkorting for «X PixMap»-format, når du vel utvidinga «.xpm» eller vel «X PixMap-bilete» som filtype i eksportvindauget.

Dette formatet er ein etterfølgjar for det eldre X BitMap-formatet og støttar fargebilete. GIMPstøttar ikkje innstilling for Lenkjeområde med ikon for dette formatet.

Det er ingen innstillingar å velja mellom. Det vert ikkje opna eit dialogvindauge for eksport. Eksporteringa vil byrja automatisk.