5.55. Eksporter biletet som X BitMap

5.55.1. Oversyn

Figur 15.96. Dialogvindauget for XBM-eksport

Dialogvindauget for XBM-eksport

X BitMap (XBM) , er eit rett fram tekstbileteformat som stort sett vart brukt for markørar og ikon-punktgrafikk i X GUI. Dette formatet vart erstatta avX PixMap.

Dette formatet kan berre nyttast for eksport av svart/kvitt monokromatiske bile. GIMPkan berre eksportera til dette formatet frå bilete med 8-bit per kanal.

Sidan dette vert lagra i C-kjelde-filer, vil dette formatet bruka meir plass enn andre binærformat.

5.55.2. Innstillingar

X10-format punktbilete

Når det er merkt av for denne, vil biletet bruka korte heiltal i staden for byte når dataa vert skrivne.

Identifikatorprefiks

Prefikset som vert brukt for å skriva dataa. Dette er spesielt nyttig om du har planar om å lesa fila frå C-kjeldekode.

Skriv merknad

Når denne er merkt, vert det lagt inn ein merknad i utdatafila. Ikkje alle programma for å visa bilete kan visa desse bileta korrekt viss dei inneheld ein merknad.

Merknad

Når innstillinga ovanfor er merkt, kan du skriva ein merknad her.

Skriv inn verdiar for lenkjeområdet

Når det er merkt av for denne, vert det lagt til verdiar for lenkjeområde. Desse vert brukte i ikonfilene for å setja plasseringa av ikon-lenkjeområda.

Lenkjeområde X, Lenkjeområdet Y

Desse verdiane set X- og Y-koordinata for lenkjeområdet for musepeikaren.

Skriv ei ekstra maskefil

Når denne er merkt, vert det laga ei ekstra maskefil. Maskefila inneheld alfakanalen for XBM-biletet. Denne innstillinga er tilgjengeleg berre når biletet inneheld ein alfakanal.

Utvidingar for maskefiler

Her kan du setja eit suffiks til namet på biletet. Namnet med sufikset vert brukt for å skriva maskefila.