3.2. Fokussløring

3.2.1. Oversyn

Figur 17.9. Filteret «Fokussløring»

Filteret «Fokussløring»

Det opphavlege biletet

Filteret «Fokussløring»

Filter lagt til


Fokussløringa lagar ei sløring i alle retningar rundt eit fokuspunkt. Standard fokuspunkt er midten av laget eller utvalet. Du kan endra dette fokuspunktet ved å dra midtpunktet. Alle andre punkt og linjer kan også dragast for å justera forma og fokusområdet i biletet.

3.2.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under FilterSløringFokussløring ….

3.2.3. Innstillingar

Figur 17.10. Dialogvindauget for fokussløring med vala for geometri utvida

Dialogvindauget for fokussløring med vala for geometri utvida

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Form

Her vel du forma som vert brukt for å laga fokussløringa. Vala er Sirkel, Kvadrat, Rombe, Vassrett og Loddrett.

Sløringstype

Sløringstype som skal brukast. Vala er Gaussisk sløring og Linsesløring. Det vil bruka filteret med det same namnet til sløringa.

Sløringsradius

Storleiken på utføre-sløringa-radiusen.

Høg kvalitet

Genererer meir nøyaktige og konsistente utdata. Saktare.

Berre tilgjengeleg når sløringstypen er «Gaussisk sløring».

Høglysfaktor

Relativ høglysstyrke.

Berre tilgjengeleg når sløringstypen er «Linsesløring».

Høglysterskel

Her kan du setja høgaste og lågaste verdi for høglysa. Dette gjer du anten ved å dra i dei svarte og kvite trekantane, eller ved å skriva inn eksakte verdiar i innnskrivingsfelta.

Berre tilgjengeleg når sløringstypen er «Linsesløring».

Geometriinnstillingar

Desse geometrirelaterte vala kan endrast med dei visuelle kontrollelementa på lerretet. Viss du treng meir finkorna kontroll, kan dei setjast manuelt her.

Senter X, Senter Y

Spesifiserer posisjonen for midtpunkt X og midtpunkt Y for fokussløringa.

Sløringsradius

Radius for det ytre fokusområdet. Synleg som den ytre heiltrukne linja.

Skarpleik

Radius for det indre fokusområdet. Synleg som den indre heiltrukne linja.

Midtpunkt

Midtpunktet for fokusovergangen. Vert vist som ei stipla linje. Området mellom den indre (skarpleik) linja til midtpunktet er der fokusområdet vert til det sløra området.

Sideforhold

Dette kontrollerer sideforholdet.

Roterering

Dette kontrollerer roteringa i grader. Du kan anten bruka det runde kontrollelementet eller skriva inn tal.

Kontrollelement på lerretet

Dette valet (standard) gjer at du kan endra innstillingane for sløringa direkte på lerretet for lettare å sjå resultata. Det viser linjer i den valde forma med punkt på. Både linjene og punkta kan dragast med musepeikaren for å endra midtpunktet for fokus, sløringsområdet og andre innstillingar som også er tilgjengelege i Innstillingar for geometri.