3. Sløringsfiltra

3.1. Innleiing

Alle filtra i denne kategorien slører biletet, eller deler av det, på ein eller annan måte. Dersom det er eit utval i biletet, vil sløringa påverke berre dette. Det hender likevel av og til at det vert litt fargelekkasje over i det umarkerte området.

Denne kategorien omtalar desse filtera:

Figur 17.2. Det opphavlege biletet

Det opphavlege biletet

For å gje eit inntrykk av kva dei ulike filtra gjer, vil vi syna verknaden av nokre dei på biletet ovanfor. Eksempla er sjølvsagt meint som eit lite oversyn over kva dei ulike filtra kan gjere. Det er uråd å visa alle moglege innstillingar for alle filtra.

Figur 17.3. Gaussisk sløring

Gaussisk sløring

Det mest brukte sløringsfilteret er «Gaussisk sløring». Ikkje lat deg vippe av pinnen av ordet «Gaussisk». Dette filteret er det mest grunnleggjande av alle sløringsfiltra og gjer at du kan sløra mykje på kort tid.

Figur 17.4. Pikseliser

Pikseliser

Filteret «Pikseliser» omformar biletet til større eller mindre kvadratiske biletpunkt. (I USA kalla «Abraham Lincoln effekten»). Filteret liknar litt på filteret oljemaling i gruppa for artistiske filter, men med uregelmessige dropar i staden for regelmessige kvadratiske pikslar.

[Notat] Notat

Denne effekten er nærare forklart (på engelsk) i [BACH04] som «Abraham Lincoln Effect». Her er Salvador Dalis målarstykke «Gala mønstrar Middelhavet» omforma til eit portrett av Abraham Lincoln når du studerer det litt på avstand.

Figur 17.5. Selektiv gaussisk sløring

Selektiv gaussisk sløring

Filteret «Selektiv sløring» gjev deg høve til å setja ein grenseverdi slik at berre pikslar som liknar kvarandre vert sløra. Dette kan vere nyttig for å redusera korn i biletet utan å sløra skarpe kantar. Legg merke til i eksempelet at korninga i bakgrunnen er redusert. Filteret er mykje tregare enn gaussisk sløring, så du bør berre bruka det når du verkeleg treng funksjonen.

Figur 17.6. Fartssløring, sirkulær

Fartssløring, sirkulær

Det sirkulære fartsfiltertet slører sirkelforma rundt eit midtpunkt som du kan bestemma plasseringa av.

Figur 17.7. Fartssløring, Lineær

Fartssløring, Lineær

Det lineære fartsfilteret slører i ei retning du kan bestemma.

Figur 17.8. Fartssløring, zoom

Fartssløring, zoom

Zoom-fartsfilteret slører radielt rundt eit midtpunkt du kan bestemma. Filteret forstørrer samstundes som det går utover.

Til slutt, filteret «Slør flisfugene» er eigentleg det same som «Gaussisk sløring», men brettar rundt kantane på biletet for å gjere dei mindre synlege når du lagar mønster ved å leggja fleire biletkopiar side om side.