8.8. Skugge-høglys

Dette filteret vert brukt til å justera skuggar og høglys kvar for seg i eit bilete. Implementeringa føljer nokså nøye det som vert brukt i programmet Darktable Skuggar og høglys.

8.8.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarSkuggar og høglys ….

8.8.2. Innstillingar

Figur 16.130. Innstillingar for «Skuggar og høglys»

Innstillingar for «Skuggar og høglys»

Forval, Inngangstype, Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse vala er forklarte i Del 8.1.2, «Felles eigenskapar for fargar».

Skuggar
Skuggar

Denne glidebrytaren kontrollerer effekten på skuggane; Positive verdiar gjer skuggane lysare, medan negative verdiar gjer dei mørkare.

Fargejustering i skuggane

This slider controls the color saturation adjustment made to shadows; high values cause saturation enhancements on lightened shadows; low values cause desaturation on lightened shadows. It is normally safe to leave this at its default of 100%. This gives a natural saturation boost on shadows—similar to the one you would also expect in nature if shadows received more light.

Høglys
Høglys

Denne glidebrytaren kontrollerer effekten på høglysa; negative verdiar gjer høglysa mørkare medan positive verdiar gjer dei lysare.

Juster fargane i høglysa

Denne glidebrytaren kontrollerer justeringa av fargemetninga for høglys. Høge verdiar gjev forbetringar av metninga for formørka høglys, låge verdiar gjev mindre metning på formørka høglys. Ofte inneheld høglysa for lite fargeinformasjon for å gjeva høvelege fargar når dei vert gjort mørkare. Du må kanskje leika litt med innstillingane for å finna dei rette innstillingane i høve til biletet ditt. Ver klår over at det ikkje alltid er mogeleg å få dette til.

Felles

Desse innstillingar felles for skuggar og høglys.

Justering av kvitpunktet

Som standard er algoritmen for denne modulen laga slik at svartpunktet og kvitpunktet ikkje vert endra. Av og til kan eit bilete innehalda tonale variasjonar utføre kvitpunktet, altså over ein lysverdi på 100. Eit negativt skifte i glidebrytaren for å justera kvitpunktet kan føra desse verdiane ned i eit høveleg område slik at fleire detaljar i høglyset vert synlege.

Radius

Denne glidebrytaren kontrollerer radius for det brukte sløringsfilteret. Høgare verdi gjev mjukare overgang mellom skugge og høglys, men kan føra til haloeffektar. Lågare verdiar reduserer storleiken på gloriane men kan føra til meir kunstig utsjånad.

Komprimer

Denne glidebrytaren kontrollerar kor sterk effekten skal påverka mellomtoner. Høge verdiar reduserer effekten til ekstreme skuggar og høglys, låge verdier gjer at også mellomtonene vert sterkt påverka. Du treng til vanleg berre å trykkja på denne innstillinga viss du vil avgrensa effekten til berre å gjelda for ekstreme skuggar og høglys, auka verdien i dette tilfellet. Ved 100 % har denne modulen ingen synlig effekt sidan berre absolutt svart og absolutt kvitt vert påverka.