7.44. Snitt mellom alfa og utvalet

Kommandoen Snitt mellom alfa og utvalet lagar eit utval frå dei kombinmerte alfakanalane for alle dei merkte laga og lagar eit snitt mellom dette og utvalet som finst frå før. Berre felles område i begge utvala vert brukte.

Ugjennomsiktige område er fullt ut valde, gjennomsiktige område er ikkje valde og delvis gjennomsiktige område er delvis valde. Alfakanalen for dei valde laga er ikkje endra.

7.44.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne oppføringa i hovudmenyen via LagGjennomsiktSnitt med alfa og utvalet.

7.44.2. Eksempel

Figur 16.105. Bruk av «Snitt mellom alfa og utvalet»

Bruk av «Snitt mellom alfa og utvalet»

Originalbiletet.

Bruk av «Snitt mellom alfa og utvalet»

Laga i det opphavlege biletet.

Bruk av «Snitt mellom alfa og utvalet»

Resultat: Ugjennomsiktige pikslar i det gjeldande laga har laga snitt med det rektangulære utvalet.