Det finst fleire måtar å kreere nye lag på i eit bilete. Her er dei viktigaste:
Ved å bruka → i hovudmenyen. Dette hentar fram eit dialogvindauge som set deg i stand til å velja dei viktigaste eigenskapane for det nye laget. Sjå dialogen for nytt lag for nærare omtale av desse eigenskapane.
Ved å bruka → i hovudmenyen. Dette vil leggja inn ein nøyaktig kopi av det gjeldande laget like over det gjeldande laget.
Ved å «klippe ut» eller «kopiera» eitt eller anna, og deretter limer det inn i biletet ved å bruka Ctrl+V eller → vert innhaldet i utklippstavla limt inn i det nye laget.