11. «Vindauge»-menyen

11.1. Oversyn

I denne bolken vil du finna hjelp for oppføringane i menyen Vindauge som vert brukt for å handsama vindauge og dokkpanel i GIMP.

[Notat] Notat

Kva oppføringar som er tilgjengelege er avhengig av om det er bilete og dokkpanel tilgjengelege.

11.1.1. Innhaldet i menyen «Vindauge»

Tidlegare lukka dokkpanel

Denne kommandoen opnar lista over dei dokkpanela du nyleg har lukka. Du kan opna dei igjen ved å klikka på namnet. Legg merkje til at frittståande, isolerte vindauge ikkje er med i denne lista.

Du finn meir informasjon om dette i Dialogar og dokkpanel.

Dialogvindauge som kan limast inn

Opnar ei liste over dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Verktøykassen

Klikk på denne oppføringa, eller bruk tastekombinasjonen Ctrl+B for å løfta verktøykassen og som oftast også verktøyinnstillingane opp.

Merk at i enkeltvindaugemodus har dette til vanleg ingen effekt sidan verktøykassa er ein del av hovudvindauget.

Lista over opne biletvindauge

Klikk på eit biletnamn, eller bruk tastekombinasjonen Alt+biletnummeret for å gjera biletet til det gjeldande.

Lista over opne dokkpanel

I denne lista får dokkpanela namn etter det dialogvindauget som er i bruk i dokkpanelet. Klikk på namnet for å løfta dokkpanelet. Merk at i enkeltvindaugemodus vert berre dokkpanel som ikkje er ein del av hovudvindauget viste her.

Gøym dokkpanela

Trykk på denne oppføringa eller bruk (fane) for å gøyma dokkpanela (som til vanleg finst både på høgre og venstre side av biletet) slik at biletvindauget vert synleg. Dersom du lukkar GIMP med denne statusen, vert GIMP opna neste gong med same status.

Vis faner

I enkeltvindaugemodus endrar denne kommandoen om fanene skal visast eller ikkje med alle opne vindauge. Som standard er fanelinja synleg, men du kan gøyma ho viss du ikkje treng ho eller treng litt ekstra plass på skjermen.

Kommandoen er slått av i multivindaugemodus.

Faneposisjon

I enkeltvindaugemodus kan du bruka denne kommandoen for å plassera fanelinja som viser kva bilete som er lasta inn. Som standard er fanelinja sett på Topp, men du kan endra dette for å visa linja på Botn, til Venstre eller til Høgre.

Kommandoen er slått av i multivindaugemodus.

Enkeltvindauge-modus

Når denne er slått på, vert GIMP vist i eitt vindauge. Sjå meir om dette i Enkeltvindauge-modus.