Kommandoen vert brukt til å setja nøyaktig posisjon for dei synlege laga, dvs. dei som er merkte med «auge»-ikonet i lagmenyen. Dette er særleg nyttig når du arbeidar med animasjonar, som svært ofte har mange små lag. Klikkar du på kommandoen, opnar det seg eit dialogvindauge der du kan bestemma ein del verdiar for plasseringa.
Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via → . Det er ingen snarveg for dette.
|
Notat |
|---|---|
|
Viss biletet berre har eitt lag, vil du få ei melding frå GIMP om at det må vera meir enn eitt lag for å kunne utføra kommandoen. |
Eksempla i Omtale av dialogvindauget «Innrett synlege lag» brukar alle det same startvindauget. Dette biletet inneheld fire lag. Rekkjefølgja på laga ovanfrå og ned er
Grønt, loddrett rektangel (topplaget)
Gult, vassrett rektangel
Raudt, lite kvadrat
Blått, større kvadrat (botnlaget)
Kommandoen justerer dei synlege laga i høve til kantane deira. I eksempelbiletet vert kantane i kvart lag justerte for å passa til omkrinsen til figuren i laget. Du finn meir om å justera laggrensene i Storleik på laggrensene. Du kan også bruka for eksempel Klipp lag til innhaldet for å justera laggrensene.
|
Notat |
|---|---|
|
I eksempelet er Ignorer det nedste laget sjølv om det er synleg avmerkt. Botnlaget, den store blå firkanten, vert difor ikkje påverka av justeringane. |
Desse vala bestemmer korleis laga skal flyttast i høve til kvarandre. Du har valet mellom:
Ingen: Ingen endringar i nokon retning.
Samla: Dei synlege laga vert innretta slik det er bestemt i Vassrett basis og Loddrett basis. Dersom du set Vassrett basis til Høgre kant, kan du risikera at laga forsvinn frå lerretet. Du kan henta dei fram igjen ved å forstørra lerretet. Dersom du har markert for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis, vert laga innretta på det øvre, venstre hjørnet av botnlaget.
Figur 16.73. Eksempel på bruk av «Samla»: Laga er justerte i høve til den venstre kanten av lerretet
Det opphavlege biletet
Vassrett stil: Samla, Vassrett basis: Venstre kant.
Laga er flytt vassrett slik at den venstre kanten er innretta etter den venstre kanten på lerretet.
Figur 16.74. Eksempel på bruk av «Samla»: Laga er justerte i høve til den venstre kanten av botnlaget
Det opphavlege biletet
Dei same parameterane som tidlegare, men merkt av for Bruk det usynlege botnlaget som basis checkbox checked.
Laga er flytt vassrett slik at den venstre kanten fluktar med den venstre kanten til botnlaget.
Fyll (venstre til høgre); Fyll (topp til botn): Dei synlege laga vert innretta frå venstre mot høgre (eller frå topp til botnen) på lerretet i høve til rekkjefølgja i lagstakken.
Det øvste laget i stakken vert justert i høve til det laget som er lengst mot venstre (eller øvst) på lerretet. Det nedste laget i stakken vert justert i høve til laget lengst til høgre (eller nedst) på lerretet. Alle dei andre synlege laga vert fordelte mellom desse to i høve til rekkjefølgja i lagstakken.
Valet ditt for Vassrett basis (eller Loddrett basis)) bestemmer korleis topp- og botnlaga vert innretta i høve til mål-laga. Viss du for eksempel vel Høgre kant som Vassrett base, vert høgre kant av topp- og botnlaga innstilte i høve til den høgre kanten i mål-laga.
|
Notat |
|---|---|
|
Viss det er merkt av for Bruk det usynlege botnlaget som basis vert topplaget i lagstabelen innretta i høve til den gjeldande plasseringa av botnlaget i stakken i staden for laget heilt til venstre (eller øvst) på lerretet. |
Figur 16.75. Eksempel på bruk av «Fyll»: Laga er fylte frå venstre mot høgre
Det opphavlege biletet
Vassrett stil: Fyll (venstre til høgre), Vassrett base : Venstre kant.
Det øvste laget i stakken, det grøne, er justert i høve til laget lengst til venstre på lerretet. Botnlaget, det raude, er justert i høve til laget lengst til høgre på lerretet. Det gule laget er plassert mellom desse to.
Figur 16.76. Eksempel på bruk av «Fyll»: Laga er fylte frå venstre mot høgre med botnlaget som basis
Det opphavlege biletet
Dei same parameterane som tidlegare, men merkt av for Bruk det usynlege botnlaget som basis checkbox checked.
Det øvste laget i stakken, det grøne, er justert i høve til den venstre kanten til basislaget. Botnlaget, det raude, er justert i høve til laget lengst til høgre på lerretet. Det gule laget er plassert mellom desse to.
Fyll (høgre til venstre); Fyll (botn til topp): Desse verkar som dei ovanfor, men i omvendt rekkefølgje.
Figur 16.77. Eksempel på bruk av «Fyll»: Laga er fylte frå nedst til øvst med botnlaget som basis
Det opphavlege biletet
Loddrett stil: Fyll (nedst til øvst), Loddrett base : Øvre kant, Bruk det (usynlege) botnlaget som base: avmerkt.
Botnlaget i lagstabelen, det raude, er innretta i høve til den øvre kanten av basislaget. Topplaget i stabelen, det grøne, er innretta etter den øvre kanten på det laget som ligg nedst i stabelen på lerretet. Det gule laget er sett mellom desse to.
Det må vera minst tre synlege lag i biletet for å kunna bruka «Fyll»-innstillingane.
Fest til rutenett : Dei synlege laga vil vera på linje med eit rutenett. Bruk innstillingane for Rutenettfor å definera avstanden til nettet. Basen du vel vil vera på linje med den næraste nettlinja. For eksempel, viss du velger Venstre kant frå Vassrett base, vert venstre kant av kvart lag på linje med rutenettlinja som er nærast den vestre kanten av laget.
I det følgjande eksempelet er rutenettet for biletet slått på og avstanden sett til same verdi som i innstillingane for rutenettet. Dette er berre for å demonstrera effekten av Fest til rutenett-alternativet. Du treng ikkje slå på rutenettet for biletet, og ingen av innstillingane vert brukte når du justerer laga.
Figur 16.78. Eksempel på «Fest til rutenettet»: Laga er justerte i høve til det øvre, venstre hjørnet av rutenettet
Det opphavlege biletet med eit 30 pikslar rutenett
Vassrett stil: Fest til rutenett, Vassrett basis: Venstre kant, Loddrett stil: Fest til rutenett,Loddrett basis: Toppkant , Rutenett: 30
Kvart lag utanom basislaget er innretta i høve til det øvre, venstre hjørnet av ei 30 × 30 pikslar rute i rutenettet.
Viss du vel Fest til rutenett for anten Vassrett stil eller Loddrett stil, vil innstillingane for rutenett definera avstanden for rutenettet som laga vert justerte etter.