6.7. Lysglimt

6.7.1. Oversyn

Figur 17.130. Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Filter brukt


Dette filteret legg lysglimt i dei lysaste punkta i biletet ut frå ein terskelverdi du har lagt inn i Terskel for lysstyrke. Det kan vera vanskeleg å sjå på førehand kvar desse lysglimta vil dukka opp i biletet, men du kan styra det ein del ved å teikna kvite punkt der du ønskjer desse funklande glimta.

[Notat] Notat

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

6.7.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeLysglimt ….

6.7.3. Innstillingar

Figur 17.131. Innstillingane for filteret «lysglimt»

Innstillingane for filteret «lysglimt»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vert endringane straks viste i førehandsvisinga. Du kan flytta rundt i biletet ved hjelp av rullefelta eller ved å dra dei synlege områda med peikarutstyret.

Terskel for lysverdi

Dess høgare terskelen er, dess fleire område vert tilgjengelege for lysglimta.

Glimtintensitet

Dette bestemmer kor sterk gløden skal vera.

Strålelengd

Denne bestemmer engda på strålane. Når du reduserer lengda, vert dei små strålene påverka først.

Talet på strålepunkt

Talet på startpunkt for strålane. Denne verdien gjeld for kor mange lange og korte strålar det skal vera. Når talet er eit oddetal, vert ein kort stråle sett motsett av ein lang stråle. Er talet eit partal, vert dei lange strålane sett motsett av kvarandre.

Strålevinkel

Dette er vinkelen til den første strålen. Viss sett til -1, vert vinkelen sett tilfeldig. Viss eit punkt inneheld fleire pikslar innføre terskelen for lysglimt, vil kvart av dei generera eit lysglimt. Viss vinkelen er positiv, vert alle lagt over kvarandre. Med verdien sett til -1, vil kvart lysglimt ha ein tilfeldig rotasjon som gjev mange tynne strålar.

Stråletettleik

Dette valet styrer kor mange lysglimt det skal vera i biletet. Talet indikerer kor mange prosent av dei moglege lysglimta som skal lagast.

Gjennomsikt

Med aukande gjennomsikt (0,0 - 1,0) vert lysglimta meir gjennomsiktige slik at fargane i eit eventuelt underliggjande lag vert meir synleg og lysglimta mindre synlege. Dersom det ikkje er noko lag under, vert lysglimta mindre synleg.

Tilfeldig kulør

Dette styrer kor mykje kuløren på lysglimta skal endrast tilfeldig.

Tilfeldig metning

Dette styrer kor mykje metninga på lysglimta skal endrast tilfeldig.

Tilleggsinnstillingar
Bevar lysmengda

Viss denne er merkt av, vert alle pikslane i den sentrale delen av stjerna sett til lysverdien til den lysaste pikslen. Dette reduserer lysverdien.

Inverter

I staden for å velja den lysaste pikselen i biletet, vert den mørkaste pikselen vald. Dette gjer at heile lysglimtet vert mørkare.

Legg til ramme

Når avmerkt, vert det i staden for å laga lysglimt i dei lysaste punkta i biletet, laga ei ramme av lysglimt rundt biletet.

Fargetype
Naturleg farge, Forgrunnsfarge, Bakgrunnsfarge

Dette bestemmer fargen på den midtre delen av sparkle. Fargen vert lagt til i skjerm-modus, eller multipliser-modus dersom det er merkt av for Inverter. «Naturleg farge» er fargen på den valde pikselen i biletet.