14.10. Differensskyer

14.10.1. Oversyn

Figur 17.362. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filter brukt


Filteret differensskyer endrar fargane delvis i skyliknande område. Filteret legg automatisk inn eit nytt lag og teiknar massiv støy på dette. Lagmodus vert sett til differans før dei to laga vert fletta saman.

[Notat] Notat

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

14.10.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarStøyDifferensskyer ….

14.10.3. Innstillingar

Figur 17.363. Innstillingane for filteret «Differensskyer»

Innstillingane for filteret «Differensskyer»

Tilfeldig frø

Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Andre frø gjev andre resultat.

Nivå

Dete kontrollerer detaljnivået i støyteksturen. Låge verdiar vil gje få detaljar og eit resultat som kan minna om mjuke skyer. Høge tal vil gje eit hardare bilete, meir som om det skulle vere laga av små partiklar, eller spraymaling.

Saumlaus

Viss du merkjer av for Kan flisleggjast, får du ein støy som gjer at det kan flisleggjast saumlaust i eit mønster. Den venstre kanten vert lagt til saumlaust med den høgre kanten og tilsvarande vert den øvre kanten lagt til saumlaust med den nedre kanten. Berre den genererte støyen kan flisleggjast. Biletet under vert ikkje endra.

Turbulens

Denne innstillinga kan gje ganske interessante effektar, noko liknande oljefilm på vatn, cellevev, røykskyer eller «Rorschach flekker» (desse flekkane som vert brukte i psykiatrien for å testa folk).

X, Y

Her bestemmer du storleik og proporsjonar for støyen i biletet.