7.4. Feilkonsollen

Feilmeldingar er ein logg over eventuelle feil som har oppstått medan GIMP køyrer. Meldingane her er meir fyldige enn dei du får via «GIMP-melding». Du kan lagra heile loggen eller deler av han for seinare bruk.

7.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeFeilkonsoll,

  • frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limast inn ved å klikka på fana og velja Legg til faneFeilkonsoll.

7.4.2. Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Figur 15.119. Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Slett feila

Trykk denne for å slette feilloggen.

[Åtvaring] Åtvaring

Du kan ikkje «Angre» denne handlinga.

Lagra alle feil

Denne knappen let deg lagra feilloggen til ei fil. Det vert opna eit dialogvindauge der du kan vleja namn og plassering for feilfila. Sjå Del 5.3, «Lagra fil» om korleis lagra filer.

Du kan også lagra delar av loggen ved å markera ønskt område med musepeikaren, eller ved tastekombinasjonen Shift+Piltastar og lagra berre det merkte området ved å halda nede Shift-tasten medan du trykkje på knappen.

[Tips] Tips

Du kan også finna desse funksjonane i fanemenyen for eit dialogvindauge ved å klikka på symbolet eller i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget.

7.4.3. Sprettoppmenyen for «Feilkonsollen»

Figur 15.120. Sprettoppmenyen for «Feilkonsollen»

Sprettoppmenyen for «Feilkonsollen»

Ved sida bruk av knappane nemnd ovanfor, vil sprettoppmenyen innehalda følgjande tilleggshandlingar. Du får opp sprettoppmenyen ved å høgreklikka inne i feilkonsollen.

Vel alle

Denne kommandoen gjev deg høve til å velja alle meldingane i loggen.

Uthev

Denne kommandoen gjer at du kan endra kva slag melding som skal utheva feilkonsollen. Du kan slå av eller på desse tre meldingsformene: Feil, Åtvaringar og Meldingar.