3.3. Dialogvindauget for MyPaint-penslane

Figur 15.35. Dialogvindauget for MyPaint-penslane

Dialogvindauget for MyPaint-penslane

Dialogvindauget for «MyPaint-penslane» vert brukt for å velja MyPaint-penslar til bruk med teikneverktøya. Sjå verktøyseksjonen MyPaint Brush for meir informasjon om MyPaint-penslane og korleis dei vert brukte i GIMP. Dialogvindauget gjev deg tilgang til mange funksjonar for å handsama penslar. Du kan velja pensel ved å klikka på han i lista. Kva pensel som er i bruk, vert vist i verktøykassa i verktøyinnstillingane når MyPaint-penslane er det aktive verktøyet.

3.3.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • Frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeMyPaint-penslar.

  • Frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikka på fanen og velja Legg til faneMyPaint-penslar.

  • Frå dialogvindauget for innstillingane av teikneverktøya ved å klikka på knappen med symbolet for MyPaint-penslane. Det kjem då opp ei liste over alle tilgjengelege penslar som du kan velja frå. Heilt nede til høgre i denne lista er det ein knapp som opnar det verkelege dialogvindauget for MyPaint-penslane.

    Det forenkla penseldialogvindauget

    Dette dialogvindauget har fem knappar som vert forklarte med «sprettopptekstar» når du held musepeikaren over dei:

    • Vis mindre

    • Vis større

    • Vis som liste

    • Vis som rutenett

    • Opna dialogvindauge for val av MyPaint-pensel

    Penslane du vel frå oppsprettmenyen kan anten gjelda for alle teikneverktøya eller berre for det aktive verktøyet. Dette er avhengig av korleis du har sett opp Del 6.7, «Verktøyinnstillingar».

3.3.2. Å bruka dialogvindauget for «MyPaint-penslane»

3.3.2.1. Tabell/Liste

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus vert penslane viste i ein rektangulære tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire penslar samstundes, er det lett å velje den du har bruk for. I listemodus vert penslane sett opp i ei liste som viser penselomrisset og namnet på penselen.

Valet Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen gir deg høve til å bestemma storleieken på førehandsvissinga av penselen.

Tabellform

Øvst i dialogvindauget finn du ein filterboks der du kan filtrera kva MyPaint-penslar som skal visast basert på taggane deira og namnet på den gjeldande penselen.

I midten finn du ei rutevising over alle tilgjengelege penslar. Den gjeldande penselen er ramma inne. Nedføre rutemønsteret er ein boks som viser fenene som den gjeldande penselen er kopla saman med.

Listeform

Stort sett verkar dialogvindauget på same måte i listeform som i tabellform, med eitt unntak: Namnet på den gjeldande penselen vert ikkje vist øvst.

3.3.2.2. Førehandsvising av MyPaint-pensel

Når du klikkar på førehandsvisinga av ein pensel, vert denne den aktive penselen som vert vist i innstillingane for MyPaint-penselverktøya. Du kan også trykkja på knappane nedst i vindauget for å utføra ulike handlingar.

3.3.2.3. Tagging

Du kan bruka taggar for å reorganisere visinga av MyPaint-penslane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

3.3.2.4. Knappane nedst

Nedst i dialogvindauget finn du desse knappane:

Rediger MyPaint-pensel

Dette er alltid slått av sidan det ikkje er råd å redigera MyPaint-penslar i GIMP. Dette er også grunnen til at det ikkje er nokon knapp for å laga nye.

Dupliser penselen

Denne knappen er også slått av.

Slett penselen

Dette valet er alltid fråkopla så langt eg kan sjå.

Oppdater penslane

Dersom du har lagt inn penslar i mappa MyPaint brushes eller i andre mapper i søkestien for MyPaint-penslar, vil eit trykk på denne knappen oppdatere lista og gjera penslane synlege i dialogvindauget.

Nokre av funksjonane desse knappane utfører kan også opnast frå sprettoppmenyen for dialogvindauget som vert opna ved å høgreklikka kvar som helst i lista, eller ved å velja dei frå fanemenyen MyPaint-enselmeny.

3.3.2.5. Sprettoppmenyen for «MyPaint-penslar»

Figur 15.36. Sprettoppmenyen for «MyPaint-penslar»

Sprettoppmenyen for «MyPaint-penslar»


Høgreklikk på førehandsvisinga av ein pensel vil opna ein sprettoppmeny. Dei fleste kommandoane her er forklarte for knappane, med unnatak av dei nemnde nedanfor.

Kopier adressa for MyPaint-penslar

Kopier adressa for MyPaint-penslar vert brukt for å kopiera stien til MyPaint-penslane inn i utklippstavla.

Vis i filhandsamaren

Vis filhandsamaren opnar adressa til MyPaint-penslane i standard filutforskar.